Høyring av forslag til endringar i forskrift om berekraftig skogbruk
Vi viser til høyringsnotat av 29.08.2022.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er positiv til ei tydeleggjering av reglande rundt foryngingsplikt. Målet med endringane er å auke langsiktig skogproduksjon og CO2-opptak. Endringane følgjer dels direkte av det som er omtalt i forarbeida til skogbrukslova. Vi har mange utfordringar knytt til å få opp att ny skog, mellom anna ei forståing av kva som ligg i foryngingsplikta. Forynging av skog er den største utfordringa for skogbruket i Møre og Romsdal. Vi vil også understreke skogen sin store verdi for naturmangfaldet, herunder som leveområde for ein stor del av dei raudlista artane våre.
Ifølgje ny § 5 åttande ledd skal endring treslag frå bar til lauv berre skje etter godkjenning frå kommunen. Det skal skje innan 1 år etter hogst. Skogeigar må ha vurdert dette før hogst, og det bør vere ein del av hogstkontrakten jfr. PEFC. Hjå oss vil ikkje lauv gje same produksjon/økonomi(ved) som barskog, vidare har vi til no ikkje nemnande råteproblematikk, så det må vere andre forhold som gjer at ein vil skifte treslag. Ei godkjenning må da bygge på vilt- eller dyreliv, landskapsbilete eller andre miljøverdiar. «Klattvise» plantingar i bratte lisider som er tatt ut med dårleg økonomi vil være aktuelle. Det er lite tradisjon for skjøtsel av lauvskog i vårt fylke, og produksjon av ved gir neppe økonomi til oppfølgjande tiltak. Ein ser difor utfordringar med å setje vilkår for lauvskogproduksjonen og evt. vidare oppfølging.
Ny § 7 krav til forynging er tydeleg på kva treslag som er gjeldande ved teljing av planter gitt bonitet og skogtype. Ein forstår tabellen slik at tilrådd plantetal er gjeldande når forynga er etablert. Ei utfordring er at oppfølginga frå det offentlege skjer nok oftast fleire år før forynginga er etablert. Avgangen av planter skjer dei første åra.
Ny § 8 Pålegg om foryngelse
«… Kommunen kan berre gi pålegg om å forynge med treslag som har sitt nåverande eller historiske naturlege utbreiingsområde i Noreg. Pålegget må stå i rimeleg forhold til lønsemda.» Heimelen om å pålegge forynging er lite nytta i vårt fylke. Ei tydeleggjering av kva som er teljande treslag vil kunne aktualisere dette meir. I bestand godkjent til lauvskogproduksjon er dette lite aktuelt med bakgrunn i økonomi og mengda oppslag av lauv.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Ei tydeleggjering av regelverket vil kunne forenkle sakshandsaminga i kommunane. Likevel ser vi at godkjenning frå barskog til lauvskogproduksjon vil kunne skape utfordringar og ulik handsaming rundt om. Dette vil nok gje eit ekstraarbeid i høve til i dag. Dette kan samanliknast med problematikk knytt til «urealistisk» omdisponering av skogareal til innmarksbeite.
Forskrift om berekraftig skogbruk viser i dag til PEFC Skogstandard i §§ 4 og 5. Ein ser dette blir misforstått og at det skaper uvisse i sakshandsaminga. Generelt burde forskrifta vore uttømmande rundt desse punkta, utan å vise til PEFC.
Vi vil difor tilrå at forskrifta vert teke opp til ein breiare revisjon av både dette punktet og for ei tilpassing til nyare kunnskap om skogøkologi.