🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring: Forskrift om fordeling av overskuddet fra pengespill på hest

Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringsinnspel frå Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest

Det visast til høyring av forslag til forskrift om fordeling av overskotet frå pengespel på hest.

Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest er nasjonale kompetansesenter for kvar sin nasjonale rase, og nokre av våre viktigaste oppgåver er å drive bevaring av desse unike rasane gjennom avl og bruk. For arbeidet vi gjere for rasane og raseorganisasjonane våre, får vi overføringar på statsbudsjett vi Landbruks- og matdepartementet.

§ 4 Tilskot utan søknad

Vi ser på det som ein føresetnad at Norsk Hestesenter er sikra tilsvarande midlar som blir overført i dag, også i framtida. Det kan sjølvsagt slå begge vegar når ein får overføringar basert på eit prosentvis overskot, men det er viktig å sikre at Norsk Hestesenter har ein form for grunnoverføring, som gjer at dei klarer å halde den drifta dei har i dag. Norsk Hestesenter utfører viktige samfunnsoppgåver som er knytt til å fremje kvaliteten på hestehald og hesteavl i Norge, gjennom ansvar for hesteregister, avlsrådgjeving, utdanning av dommarar, gjennomføringar av utstillingar, i tillegg til fagskuletilbod på hest.

§ 5 Tilskot etter søknad

Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest er positive til at det i forskrifta blir foreslått ei ordning der 3 % av overskotet frå spel kan tildelast som tilskot etter søknad til ikkje-fortenestebaserte organisasjonar som arbeider for å fremje norsk hesteavl, hestehold og hestesport. Vi vil påpeike at det bør avklarast kva ein legg i Norsk hesteavl, og kva organisasjonar som kan komme under dette.

Raseorganisasjonane for fjordhest og nordlandshest har forvaltningsansvar for bevaringsverdige, særnorske rasar, med små populasjonar. Det er ønskjeleg at desse organisasjonane kan bli styrka i dette viktige arbeidet, sidan dei drivast på frivilligheit, og derfor har små moglegheiter til å stimulere til avl og utdanning av hestar som marknaden etterspør. For at rasen skal få ein livskraftig genetisk populasjon, er det viktig at ein blir tilført midlar slik at ein kan løfte fram dette arbeidet i enda større grad.

For dei to nasjonale sentera Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest sitt vedkommande, så fell vi utanfor desse to tilskotsordningane. Overføringane vi får over statsbudsjettet er heilt naudsynte, men også for små til å drive anlegga på eit ønskjeleg nivå. Dei har stått stille i fleire år, og sidan prisveksten har vore stor, har overføringane i realiteten gått ned. Sjølv om det er stor aktivitet på begge sentera, er økonomien krevjande. Det er utfordrande å drive utviklande arbeid, når ressursane ikkje strekk til for å ha ei optimal dagleg drift. Anlegga er prega av manglande midlar til vedlikehald, oppgradering og utvikling, noko som ikkje er nasjonale anlegg verdig. Eit nasjonalt anlegg skal vere av ein standard som viser at det er nettopp eit nasjonalt anlegg.

Vi ber om at Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest, også skal få moglegheit til å søke om tilskot frå overskotet frå spel, for å kunne drive godt bevarings- og utviklingsarbeid av dei viktige særnorske rasane våre.

Styra og daglege leiarar ved Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest