🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring -ny midlertidig forskrift for Merkur-programmet

Atle Stalheim - merkurkonsulent

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringsuttalesen er avgitt på vegne av Merurkonsulentane Hallvard Christenson, Lars Helgeland, Per Spillum, Stig Olson, Søren Solvang, Mariann Høyen, Nils-Roger Simensen og Atle Stalheim.

Til høyringsuttalelsen kan det bemerkast at forskriften sin hovedinnretning ikkje er nærmare problematisert, men er konsentrert til formuleringar som kan gi grobotn for tolkning eller gir utilsikta konsekvensar.

Høyringsuttalelese vedrørande «Mellombels forskrift om ekstra Merkurtilskot på grunn av høge straumprisar».

Første setning i paragrafen «å gi tilskot til daglegvarebutikkar som er registrert i Merkurprogrammet» kan tolkast som om det vil være muleg å bli Merkurbutikk i søknadsprosessen.

Dersom dette er eit bevisst val er dette fornuftig ut fra prinsippet om likebehandling da det er butikkar som oppfyller kriteriene i Merkurprogrammet, men som ikkje er ein del av dette idag.

Dersom intensjonen er å avgrense støtteordninga til butikkar som er registret som Merkurbutikkar idag vil det være fornuftig å angi ein eksakt dato/skjeringstidspunkt for slik registrering, eventuelt knytte dette opp mot tidspunkt for ikrafttreden av forskrifta.

Ad § 2 Kven som kan få tilskot

I paragrafen blir det vist til Merkurforskriftens § 3 første ledd som forutsetning for å være støtteberettiga. Merk at første setning i § 3 definerer ein Merkurbutikk til å være «ein daglegvarebutikk som deltek i Merkur sitt kompetanseprogram».

Det kan synes fornuftig å bruke ein vidare definisjon enn dette, som ein kan oppnå ved å vise til forskriftas første ledd fra andre setning, dvs ta vekk kravet om å delta i kompetanseprogrammet.

Ad § 3 Utrekning av storleiken på tilskota

I paragrafens første avsnitt blir det brukt formuleringa «gjennomsnittleg fakturert pris i kroner». Denne formuleringa kan virke noko framand fra ein butikk sin ståstad.

Basert på antagelsen om at ein ønsker at fakturagrunnlaget skal gi grunnlag for å estimere gjennomsnittspris for ein måleperiode, blir det anbefalt å forenkle formuleringa til:

«Som støtteberettiga pris på straum reknast fakturert beløp som viser gjennomsnittleg pris i kroner per kWh for den relevante månaden, eksklusive nettleige, påslag, fastledd og avgifter, slik det framgår av faktura fra straumleverandør»

Alternativt bør ein unngå å bruke gjennomsnittleg i formuleringa om ikkje dette er påkreva.

I paragrafens siste avsnitt vedrørande avkorting er det brukt formuleringa «ved avkorting skal berekna tilskot reduserast prosentvist likt for alle føretak som har søkt om og innfrir vilkåra til støtte». Det er lagt til grunn at likebehandling er utgangspunktet her.

Det kan imidlertid medføre utilsikta administrative konsekvensar dersom det oppstår ein situasjon der ein må rekalkulere eit stort antall søknader, og eventuelt krevje tilbakebetaling av utbetalt tilskot.

Ein slik situasjon kan oppstå om ein prisregion delvis er innanfor og delvis utanfor ordringa, dvs har fått utbetalt støtte for ein periode og løyvinga for ein seinare periode er brukt opp eller restløyvinga ikkje mogleggjer lik prosentsats for heile perioden.

Det blir derfor anbefalt å knytte avkorting og lik prosentvis støtte til den enkelte støtteperiode, jfr forskriftas § 5 Søknadsperiode.

Graden av likebehandling vil være tilnærma like stor, og det gir større administrativ forutsigbarheit.

Ad § 7 Krav til ein søknad om tilskot

I paragrafen blir det stilt krav om at energikartlegging skal vedleggast søknaden om straumstøtte. Kravet om energikartlegging synes openbart fornuftig og rimeleg, men kravet må ikkje ha som konsekvens at søknadsprosessen blir vesentleg forsinka da rask likviditets-tilførsel er viktig.

Dersom formuleringa blir opprettholdt må dokumentasjonskravet være enkelt og skjematisk.

Dersom kravet til energikartlegging er av meir omfattande karakter kan det alternativt setjast krav om energikartlegging ved søknadsbehandling, med rimeleg frist for gjennomføring og dokumentert gjennom rapportering, jfr forskriftas § 13 ledd d.