🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Utkast til forskrift om midlertidig ordning for energitilskudd til næri...

Vinje kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Det er mykje bra i denne ordninga, og tillèt oss difor å kun spila inn dei punkta me meiner burde vore tenkt meir igjennom og mogleg endrast ev korrigerast.

Dette med 3% straumintensitet gjer fort ein skilnad i ein del bransjar som elles konkurrerer likt, men som no gjer at nokon får ei konkurranseføremon framfor andre.

I Vinje kommune er der 3 bensinstasjonar. Den eine har drivstoffsal inkl. i omsetnaden, mens den andre ikkje har. Den som har drivstoffet inkl. får ikkje tilgang til ordninga, då intensiteten fell under 3% (2,8). Er det rå å ta vekk drivstoffet frå berekninga, ville båe hatt tilgang.

Veit også bilbransjen har liknande utfordring.

Det er for einskilde eigarar av verksemder er den einaste måten ein kan handsama formueskatten ein får, som følgje av å eige aksjane i verksemda, å ta ut utbytte. Det kan føre til at mange verksemder blir sett i ein skvis då dei ikkje får høve til å søkje støtte samstundes som det er naudsynt for eigarane å ta ut utbytte for å handsame formueskatten. Formueskatten er pr i dag utrekna av kapital som i tillegg til å vera likvider, kan vera bunde opp i bygg, utstyr, varelager, det me kallar arbeidande kapital. Dette tærer difor på likviditeten og soleis soliditeten til verksemda som igjen fører til mindre trygge arbeidsplassar. Forstår kvifor dette punktet er med, men det fører også til ein vrien situasjon for mange verksemder. Den store «lekkasjen» er tetta i og med maksgrense på kr 3,5 mill., slik at ei vurdering på om dette i det heile treng vera med, bør gjerast.

I høve til støttetrinn 1, bør det vera tydeleg kven som kan gjera kartlegginga. Er det verksemda sjølv, er det eksterne? Dersom verksemda kan gjera dette sjølv er det bra på to måtar, ein må sette seg inn i ordninga, og soleis lært kva ein kan gjera. Dersom behov for ekstern hjelp, bør det kanskje vera råd å få eit tilskot til dette, slik at ikkje alt vert ete opp av konsulentane. Kanskje gjennom støtte i støttetrinn 2.

I høve til støttetrinn 2, er me redde for at dei som strevar allereie, ikkje har økonomi til å gjennomføre tiltaka sett opp i trinn 1, jamvel om det ligg 50% av dekninga i potten. Verksemda må finansiere den andre 50% -en, og når alt er skvisa frå før etter pandemi og eit år med ekstremkostnad på energi, kan dette vera svært vanskeleg, nesten uansvarleg for verksemdene å gjennomføre.

Forslag til bestemmelser:

§3-2, (5): Kritisk til at kun investering etter 9. desember 2022, kan søkjast støtte om?

Mange verksemder har allereie i mange år gjort store og gode tiltak for å spare energi. Ei «straff» for at dette allereie er gjort, følast urett. Kanskje ha tilbakeverkande kraft f.eks. dette året, eller halve.