Forbundsstyret i AEF handsama 22. sptember fire forskrifter til ny barnevernslov. Dette om born sin medveknad i barnevernet, samtaleprosess, krav til kvalitet og godkjenning av barneverninstitusjonar og senter for foreldre og born.
AEF er positive til born sin rett til å bli høyrde, samt at det er mogeleg for borna sjølve å få påverka sakene sine etter barnevernslova. Dei har rett til å bli høyrde i sakar som gjeld dei sjølve!
Det er både ein menneskerett og ein rettsikkerheitsgaranti. Meininga er at dette skal verta tileigna stor vekt utifrå born sin alder og utvikling.
AEF meiner det er positivt at borna vert sett på som ein ressurs og samarbeidspartnar! Born som bur på barnevernsinstitusjonar har ofte samansette og omfattande hjelpebehov. Forskriften samlar avgjerder om kvalitet, godkjenning og internkontroll i barnevernsinstitusjonar i ei felles forskrift. Dette med enkle språklege, strukturelle og begrepsmessige endringar.
Når det gjeld samtaleprosess meiner AEF at det er særs viktig at høyringsmotatet frå Barne- og familiedepartementet peikar på ei betring av partane sin kommunikasjon og mogeleikheit til å verte samde om gode løysingar. Dette til barnet sitt aller beste. Det er óg viktig å understreke det positive med gjennomføring av mekling, i tradisjonell forstand, i barnevernssakene.