🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring Grunnlag for ny universitets- og høyskolelov

Noregs Mållag

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar frå Noregs Mållag: Grunnlag for ny universitets- og høyskolelov

Noregs Mållag vil gjerne kome med innspel til grunnlag for ny universitets- og høgskolelov. Vi legg særleg vekt på situasjonen for norsk språk i akademia. Innspela gjeld difor særleg § 1-7 om norsk fagspråk.

Vi minner om prinsippet og ansvaret det offentlege har for nynorsk som mindretalsspråk etter § 1 tredje ledd i språklova. Det er ein dramatisk nedgang i bruken av norsk i akademia, og noko må gjerast. For Noregs Mållag er det viktig å understreke at nynorsk er under endå sterkare press enn bokmål. Skal norsk vere eit samfunnsberande språk, er det viktig at det finst fagspråk og terminologi for alle område.

Noregs Mållag er svært glad for at departementet ser at det er eit behov for å styrkje arbeidet med norsk språk i sektoren. Likevel skulle vi gjerne sett at det hadde blitt drøfta i større grad korleis utfordringane for norsk fagspråk i akademia skal bli løyste. Det må vere nemnt at norsk fagspråk er både nynorsk og bokmål. Tiltaka for å styrkje norsk fagspråk inneber tiltak både for nynorsk fagspråk og fagspråk på bokmål. Språka står i to ulike situasjonar, og difor treng dei også ulike tiltak og ulike drøftingar.

Mållaget meiner at framlegget til forskriftsheimel vil gjere godt. Men høyringsnotatet legg lite grunnlag til kva ei sånn forskrift skulle innehalde. Vi vil derfor nytte høvet til å også kome med fleire innspel til kva ei slik forskrift bør innehalde.

I NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet blir delar av utfordringane for språk i høgare utdanning problematiserte, og enkelte tiltak blir presenterte. Utvalet føreslår at Kunnskapsdepartementet forskriftsfestar krav om norsk samandrag i doktorgradsavhandlingar, og at utvalet slår fast at institusjonane må bidra til utvikling av fagterminologi. Likevel vil Noregs Mållag peike på den klåre tilrådinga frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling (DIKU) i rapporten «Språkstrategiar i høgare utdanning» (2021). DIKU meiner at det bør opprettast ei nasjonal insentivordning som sikrar at arbeidet med norsk fagspråk og terminologi og skriving av læremiddel, leksikonartiklar, tidsskriftartiklar o.l. blir premiert og prioritert. Noregs Mållag meiner at insentivordninga som DIKU tilrår, er betre.

Vidare meiner Noregs Mållag at ei forskrift bør innehalde:

- ein premiss om at norsk skal vere hovudspråket for undervisning, forsking, administrasjon og styringsorgan ved norske universitet og høgskular.

- eit krav om at institusjonane lagar språkstrategiar for å fremje norsk og særleg nynorsk på sine institusjonar, både som fagspråk og som administrasjonsspråk.

- ei tydleggjering av at universitets- og høgskulesektoren må verte målt på språkpraksis, og det må vere eit tema i styringsdialogen med departementet. NOKUT eller Språkrådet får tilsynsplikt for språkarbeidet ved institusjonane.

- krav til at utanlandske forskarar som vert tilsette, skal lære seg norsk innan ei viss tid, slik at dei kan undervise og formidle på norsk. At dei tilsette i universitets- og høgeskulenoreg som skal produsere forsking, formidle ho og undervise studentar, ikkje kan norsk, er ei kjempestor utfordring for norsk språk. Det skapar ein arbeidskvardag som går på engelsk og sender utfordringa vidare til neste generasjon.

- at institusjonane skal utvikle lærebøker og pensum på norsk og spesielt nynorsk. Her er det særleg viktig at dei store fagområda blir prioriterte.

- at retten til eksamen på skriftspråket, bokmål eller nynorsk, studenten har valt, også omfattar obligatoriske arbeidskrav i faget.

- det bør presiserast at ansvaret for fagterminologi må innebere at ein lagar parallelle lister over ord og uttrykk på nynorsk og bokmål for alle fagområde.

Noregs Mållag stiller seg også bak innspelet frå Nynorsk Kultursentrum til endringar i paragrafen.

«§ 1-7 første ledd skal lyde: (1) Universiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av bokmål og nynorsk som fagspråk. Institusjoner som har et særlig ansvar for samisk forskning og høyere utdanning, har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av samisk fagspråk. Departementet kan gi forskrift om institusjonenes ansvar etter første og andre punktum.»