🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring Grunnlag for ny universitets- og høyskolelov

Norsk Industri

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Batteriindustri er ein bransje som vil ha kraftig vekst i Norge dei neste åra, med etablering av nye giga-fabrikkar i Arendal (Morrow), Mo i Rana (Freyr) og Grenland (Vianode), samt oppskalering av produksjonen til selskap i Stavanger (Beyonder), Bergen (Corvus) og Trondheim (Siemens). I tillegg er det ei lang rekke andre industribedrifter som er ein del av verdikjeden, frå gruve til battteriretur.

Den "nye" industrien er avhengig av tilgang til kompetanse på alle nivå. Industrien har danna eit landsdekkjande samarbeid rundt kompetanse, og kalt prosjektet Battkomp:

https://www.norskindustri.no/dette-jobber-vi-med/energi-og-klima/batteriindustrien/battkomp/

Her møtes bedriftene, utdanningsinstitusjonane og partane i arbeidslivet for å definere behovet for kompetanse, og få på plass nye utdanningstilbod innanfor EVU og ordinære utdanningsløp, samt tilpasse læreplanar osv.

Vi arrangerte torsdag 13. oktober workshop om kompetansebehovet frå UH-sektoren. Ettersom dette er ei ny næring har universiteta i liten grad batterikompetanse, så er ein derfor særleg opptekne av å kunne få til Professor 2. Dette vil gjere det mogleg for industrien å kunne bidra med sårt tiltrengt undervisningskapasitet på universiteta.

Dette var ei unison tilbakemelding frå industrien og frå utdanningsinstitusjonane. Vi ber om at den nye universitets- og høyskoleloven legg til rette for at ny industrireising i landet kan samarbeide med UH-sektoren, og at Professor 2 ordninga består.

For Battkomp-prosjektet

Fagsjef rekruttering og kompetanse