🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forskrifter om gjennomføring av deling av fylker og Ålesund kommune

Noregs Mållag

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Vi viser til høyringsbrev frå 19. august 2022 om framlegg til forskrift om gjennomføring av deling av Ålesund kommune til Haram kommune og Ålesund kommune .

Noregs Mållag har ikkje synspunkt på eller merknader til det materielle innhaldet i forskrifta. Derimot har vi synspunkt på valet av språk i framlegget til forskrift. Vi meiner det i strid med føremålet med språklova og med dei språkpolitiske omsyna bak språklova § 13 tredje ledd dersom forskrifta ikkje blir gjeven på nynorsk, også når ein ikkje legg til grunn at regelen gjeld for ei slik forskrift.

Språklova § 13 tredje ledd slår fast at allment tilgjengelege dokument med som er retta mot éin kommune skal følgja eit eventuelt språkvedtak i denne kommunen. For Ålesund kommunes del er dette vedtaket nynorsk , sjå forskrift 20. desember 2019 om språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Det talar òg for å velja nynorsk at forskrifta blir gjeven med delvis heimel i inndelingslova, som òg er på nynorsk.

Noregs Mållag ventar difor at forskrifta om deling av Ålesund kommune blir gjeven på nynorsk .