🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forskrifter om gjennomføring av deling av fylker og Ålesund kommune

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høringssvar – forskrift om gjennomføring av deling av Ålesund kommune

Vi viser til høyringsbrev av 19. august 2022 frå Kommunal- og distriktsdepartementet som gjeld forskrift om gjennomføring av deling av Ålesund kommune.

Vi har ei tilbakemelding knytt til § 6 i forskrifta. Føresegna handlar om tilsetting av kommunedirektør og anna nøkkelpersonell. I andre ledd går det fram at noverande Ålesund kommune kan tilsette anna nøkkelpersonell for nye Ålesund og Haram kommune. Ut ifrå merknadene til forskrifta er det klart at det skal vere høve til delegering innanfor rammene av kommuneloven § 5-3. Det vil seie at kommunestyret i noverande Ålesund kommune kan gi kommunedirektøren i noverande Ålesund kommune myndigheit til å tilsette anna nøkkelpersonell i dei nye kommunane. Vi meiner det kan vere nyttig om det er presisert i forskrifta eller merknadene til forskrifta, om kommunedirektøren i noverande Ålesund kommune kan gi kommunedirektørar i dei nye kommunane myndigheit til å tilsette anna nøkkelpersonell.

Vi ser elles at det er tatt omsyn til fleire av dei tilbakemeldingane som blei gitt frå Ålesund kommune ved oppstart av forskriftsarbeidet, og det er positivt. Det er vår vurdering at forskrifta omhandlar dei naudsynte forskriftsheimlane og at forskrifta er oversiktleg og klart utforma. Det er klargjerande at det er utarbeidd merknader til dei enkelte føresegna i forskrifta.