HØYRINGSUTTALE FRÅ GULEN KOMMUNE
Gulen kommune med 2300 innbyggarar ligg ved inngangen til Sognefjorden. Mykje av cruisetrafikken i Norge segler såleis forbi vår kyststripe. Kommunen har ein liten beredskapsorganisasjon og er ikkje åleine rigga til å kunne handtere kommunale oppgåver knytt til ein redningsaksjon av cruiseskip-omfang. Det er difor svært positivt at det no vert sett på moglegheiter for auka samhandling i slike situasjonar.
Utredninga inneheld mange gode anbefalingar. Under føl innspel til dei anbefalingane me meiner er mest relevant for oss å kommentere.

Samvirke og øving (Anbefaling 55, 62, 63 og 65):
Kommunen har, saman med politiet, ansvar for å opprette og drifte Evakuert og pårørande senter, (EPS) samt handtering av skadde og omkomne. Gulen kommune vil ikkje åleine ha kapasitet til å handtere eit så stor tal personar som ei hending med eit stort cruiseskip vil innebere. Etter kvart vil eit stort tal pårørande også utfordre kapasiteten. Bergen som nærliggande by med stor kapasitet vil vere ein viktig ressurs i ein faktisk situasjon. Like viktig som å avklare nabostøtte gjennom interkommunale avtaler er det difor viktig å avklare arbeids- og ansvarsfordeling mellom kommunar.
Dersom kommunane skal innlemmast i årleg fullskalaøving er det behov for å auke ressursane til kommunane.
Samvirke er viktig, og skal dette fungere er øvingar avgjerande. Me støttar difor at overordna myndigheit og Hovedredningssentralen skal får eit tydelegare sørge for / pådrivaransvar. Vest Tank ulykka i Gulen i 2007 viste eit tydeleg behov for samordning av ulike instansar. Me meiner Statsforvalteren har ei viktig rolle i det som skjer av samordning på land. Statsforvalteren kjenner godt til beredskapsorganisasjonane i kommunane og vil kunne jobbe effektivt med samordning på eit overordna nivå. Arbeidet som skjer i kommunalt beredskapsråd er viktig. Me opplever likevel at det er krevjande for små organisasjonar som kommune, Røde Kors eller lokalt heimevern å få til gode lokale samvirkeøvingar. Statsforvaltaren og Fylkesberedskapsrådet vil kunne vere ein god ressurs her for å kunne gjennomføre øving på tvers av kommunar og instansar.
Til liks med Hovedredningssentralen må også Statsforvalteren sikrast ressursar nok til å kunne handtere sitt eventuelle ansvar for samordning, øving og evaluering.