🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring vedrørende forslag til endringer i fornybardirektivet, energieffektivise...

Alexander Engvik

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Ang direktivet RePowerEU.

Å legge ut ei høyring, midt i sommarferien, der det er særdeles kort frist og ikkje minst, de legg ut høyringa der store delar står på engelsk, protesterar eg kraftig på.

Dette er å utelukke delar av befolkninga, både mht tid og språk og det er ikkje demokratisk. Skriftform skal ver på norsk og samisk.

Høringa legg opp til at det er takk og farvel til råderetten over alle energiressursar Noreg har og de legg dei i hendene til EU. Det er rett og slett uhørt og ikkje minst skremmande at de i det heile tenker tanken om noko slikt.

Som ung, i etableringsfasen, ser eg med gru på at de skulsar vekk framtida mi vi som skal ta over landet. De sel ut arvesølvet, som har gitt landet eit konkurransefortrinn, både privat og industrielt. Det er vår arv de no gir vekk.

Alle veit at vindkraft treng balansekraft og det ikkje er klimavennleg i det heile. Haramsøya, Frøya, Buheii, Sørmarksfjellet, Stadt, Fosen, de veit vel om Fosendommen av 11 oktober 2021? Øydelagte områder, store klimautslepp, øydelagte beiteområder for rein, naturøydeleggelsar, folkehelsekonsekvensar. Betyr det ingenting?

Det er enorme inngrep og no vil de gi EU fritt leide?

I 2019 kom Regjeringa fram ein rammeavtale om utbygging av vindkraft, som måtte skrotast. Den de legg fram er endå verre.

NEI, dette godtek eg ikkje.