🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring vedrørende forslag til endringer i fornybardirektivet, energieffektivise...

Anders Kjetland

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyring vedrørande forslag til endringar i fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet og bygningsenergidirektivet

Viser til høyringsbrev og til dokument frå EU-kommisjonen datert 18. mai 2022 ein der lenkar til.

Først av alt: Det er kritikkverdig at ikkje desse dokumenta, i ei så viktig sak, ikkje er omsett til norsk. Dette er i strid med Språklova, og i seg sjølv ein grunn til at høyringa må trekkast tilbake.

Vidare er høyringsfristen for kort. Her må dokumenta omsetjast og eventuelt leggast ut på ny høyring, og det må også summerast opp kva forslaga inneber for dei ulike energiformene, både solkraft og vindkraft.

For her er det ikkje alltid tydeleg kva ein snakkar om. Men det som går fram er at vindkraft er inkludert, og at hovudformålet er å påskynde prosessane for å få ny energi utbygd så raskt som mogleg, med minst mogleg omsyn til lokale, demokratiske prosessar.

Dette høyringssvaret gjeld vindkraft, og spesielt vindkraft på land.

I dokumenta frå EU-kommisjonen foreslår ein å identifisere “particularly suitable areas”, såkalla “renewables go-to areas”, som er spesielt eigna for vindkraft - på samme måte som Solberg-regjeringa forsøkte seg med i Nasjonal ramme for vindkraft.

Ein skal unngå (“as much as possible” (sic)) verdifulle naturområde og jordbruksland, men prioritere “degraded land”:

“Member States should swiftly identify suitable land and sea areas for renewable energy projects, commensurate with their national energy and climate plans and their contribution to reaching the revised 2030 renewable energy target. As part of this mapping process, limited and clearly defined areas should be designated as particularly suitable for the development of renewable energy (renewable go-to areas), while avoiding as much as possible environmentally valuable areas and prioritising inter alia degraded land not usable for agriculture.”

Samtidig blir det oppfordra om å halde områda som er ekskludert for vindkraft så små som mogleg: “Member States should limit ‘exclusion zones’, where renewable energy cannot be developed, to the necessary minimum.”

I desse “renewable go-to-areas”, skal det tydelegvis vere fritt fram:

“In the designated renewables go-to areas, renewable energy projects that comply with the rules and measures identified in the plan or plans prepared by Member States, should benefit from a presumption of not having significant effects on the environment. Therefore, there should be an exemption from the need to carry out a specific environmental impact assessment at project level in the sense of Directive 2011/92/EU of the European Parliament and of the Council 24 , with the exception of projects which are likely to have significant effects on the environment in another Member State or where a Member State likely to be significantly affected so requests. “

Her skal altså konsesjonsprosessar og lokalpolitiske vedtak overstyrast. Dette er totalt uakseptabelt. Det er i strid med Århus-konvensjonen, og det er i strid med Stortingets vedtak om at lokale myndigheiter, og med det lokal befolkning, skal få større innflytelse over framtidige konsesjonsvedtak.

Kva konsekvensar vil Repower EU-forslaga få? For å ta eit eksempel frå mitt geografiske område, i Nordhordland. Her syslar Norsk Vind med planar om Hordavind, eit prosjekt som skal innehalde 200-250 vindturbinar, med ein høgde på opptil 250 meter. Det strekkjer seg over tre kommunar, Masfjorden, Modalen og Alver. Det vil liggje tett inntil Stølsheimen landskapsvernområde og deler av det området som er føreslått utbygd (vest for Romarheimsdalen), er også føreslått som nasjonalpark.

Vil dette bli klassifisert som degraded land og renewable go-to-areas av EU? Ja, det er ein viss sjanse for det. Alt er jo ikkje såkalla “urørt natur”. I deler av området, som inn mot Stølsheimen, er det vasskraftutbygging frå før. Er dette “degraded land”, EU?

Sanninga er at alt dette, Stølsheimen, Masfjordfjella, Matrefjella er verdifulle naturområde for dei som bur her og for dei som besøker dei. Vindkraftutbyggingar gjer fjellområda til industriområde som øydelegg dei for rekreasjon, i endå større grad enn det vasskraftutbyggingane har greidd. Dei tek for seg av toppane, legg beslag på store areal, planerer det, fyller det med veier og oppstillingsplassar for høge vindturbinar, og gjer kjende og kjære fjellområde framande, støyfulle og trugande, for folk og for dyr.

Det samme gjeld for naturområde over heile landet vårt. Dei har ein verdi for folk som bur der og høyrer til der, dei er viktige for folkehelsa, fysisk som mentalt, og dei har ein eigenverdi som dei skjøre økosystema dei er.

I følge FNs naturpanel har vi ei like stor naturkrise som klimakrise i verda. Vi treng ikkje ei ny bølge av halselaus utbygging av vindkraft, vi treng ikkje fleire opprivne lokalsamfunn og raserte landskap. Det er gitt altfor mange vindkraftkonsesjonar som ikkje burde vore gitt, og vi treng minst av alt eit EU-direktiv som gjer det lettare å bygge ned naturen, når det vi faktisk treng er å ta vare på den.

Eg krev at høyringa blir utsett, og eg krev at dette forslaget til EU-direktiv blir avvist i si noverande form.