Høyringsuttale frå Kvam herad
Kommunen Kvam herad har hatt høyringsuttalen opp politisk den 14. juni og gjorde følgjande vedtak til høyringa:
Kommunen Kvam herad har hatt høyringsuttalen opp politisk den 14. juni og gjorde følgjande vedtak til høyringa:
14.06.2022, HST- 050/22 Vedtak:
Kvam herad meiner at dei fleste lovendringane er gode og er einig i etablering av ny lov for naturskade og endringane i forureiningsforskrifta og forskrift om nydyrking.
Kvam herad ønskjer å innføre sone eller regiondifferensiering av endringane i plan- og bygningslova og byggesaksforskrifta.
Alternativt må staten sørge for kartlegging av både utsette område for kvikkleire og område som ikkje er utsett for kvikkleire, slik at ikkje kommunen eller kommunen sine innbyggjarar vert påførd urimelege kostnader knytt til kommuneplanen sin arealdel etter plan- og bygningslova § 4-3 eller planering av terreng etter byggesaksforskifta § 4-1.

Oppsummering
Kvam herad takkar Gjerdrumutvalget for grundig arbeid. Det kommunen er mest usikker på er lovendringar som viser til marin grense. Kvam herad meiner at desse endringane er viktig å få på plass for områder med høg risiko for kvikkleireskred, men er meir usikker på om kost/nytten er god nok for at lovendringane skal gjelde heile landet. I kommunar med generell låg kvikkleirefare så kan kostnaden med lovendringane bli mykje større enn nytten, då risikoen for skade er liten. Det er viktig å få på plass betre kvikkleirekartlegging i høgrisikoområde, men det er òg viktig å få på plass betre aktsemdkart for kvikkleire i område med generell låg risiko for kvikkleireskred, sidan marin grense i dag vert brukt som aktsemdkart for kvikkleire. Nytta med betre aktsemdkart er derfor stor i desse områda.