🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring om lisensfellingsperioden for jerv

Lom kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Lom kommune viser til høyringsdokument der det blir forslått alternative lengder for lisensfellingsperioden for jerv. Lom kommune og dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har i lang tid ytra ønskje om at lisensfellingsperioden for jerv blir utvida, slik at den startar når villreinjakta byrjar. Villreinjakt er populært og det er mange erfarne jegerar i fjellet som ofte ser jerv når dei er på jakt. Som høyringsdokumentet viser til så var det høg fellingsprosent i lisensfellingsperioden 2021/2022 for region 3, men det var da sett inn store ressursar for å oppnå dette resultatet. Åra før var fellingsprosenten låg og bestanden av jerv har difor vokse langt over bestandsmålet i regionen. Lom kommune meiner difor at ein må sjå utviklinga over tid og ei utviding av lisensfellingsperioden til å byrje 20. august, vil kunne vere avgjerande for å få auka uttaket av jerv i regionen.

I høyringsbrevet står det at på landsbasis må ein kunne forvente at ei utviding av lisensfellingsperidoen vil i gjennomsnitt utgjere 4-8 fleire felt jerv og at dette ikkje vil ha særleg effekt med tanke på uttak av lisensfellingskvoter, eller redusert behov for ekstraordinært uttak. Lom kommune og kommunane i Nord-Gudbrandsdalen er ikkje samd i denne vurderinga. For ein region som har ein jervebestand som ligg langt over bestandsmålet og som har ei beitenæring som har store tap på grunn av jerv, vil eit kvart ekstra uttak av jerv vere avgjerande for om beitenæringa og utmarksbeite kan fortsetje i framtida. Ved å ta ut jerven gjennom ordinær lisensjakt, vil ein også kunne bidra til å redusere konfliktnivået mellom rovdyr og beitedyr.

På grunn av det aukande konfliktnivået mellom jerv og beitedyr, samt at bestanden av jerv i regionen ligg langt over bestandsmålet, har kommunane i Nord-Gudbrandsdalen gått saman og opprette eit prosjekt for sikre berekraftig sameksistens mellom sau og jerv i utmark. Prosjektet skal bidra til å auke uttaket av skadevoldande jerv i kommunane ved ei effektivisering og styrking av den ordinære lisensjakta, slik at ein når kvote for uttak. Ei utviding av lisensfellingsprioden vil kunne vere eit tiltak som kan vere avgjerande for å få bestanden av jerv ned til bestandsmålet. Lom kommune vil difor tilrå at punkt 2, lisensfellingsperioden for jerv utvidast til 20. august-15. februar i heile landet blir vedteke. Dersom dette blir avslått vil vi tilrå at alternativ 3, lisensfellingsperioden for jerv utvidast til 20. august-15. februar i område der det er opna for villreinjakt blir vedteke.