Innspel frå skadefellingslaget i gamle Sogn og Fjordane
Luster kommune administrerer fylkesfellingslaget i gamle Sogn og Fjordane. Området er idag delt i tre ulike regionar der jervproblematikken er den største utfordringa. Fellingsleiarane Osvald Hofslundsengen, Andreas Solvik og Stein Mortensbakke er positive til ei utviding av lisensfellingsperioden for jerv.
Gamle Sogn og Fjordane grense ligg i region 1. Her er det ikkje bestandsmål for jerv. Men indre strøk grensar til rovviltregion 3 der det er bestandsmål på fire ynglingar kvart år. Fleire av disse har nær tilknyting inn mot gamle Sogn og Fjordane grense i rovviltregion 1. Dette har gjennom åra ført til streifdyr av jerv og skade i spesielt Luster kommune.
Fylkesfellingslaget i Sogn og Fjordane har årleg fleire skadeomfang og oppdrag. Skadefelling av jerv er svært vanskeleg då jerven er svært mobil. Og sannsynlegheita for å lykkast er liten. Ein er avhengig av ekstremt mykje ressursar for å lykkast. Eit ledd i dette vil vera å utvida jakta etter § 10 femte ledd bokstav b. Slik at lisensfellingsperioden for jerv utvidast til 20.august-15 februar i heile landet. I denne perioden er det mykje folk i fjellet på tur, jakt eller sauesank. Desse vil vera ein ekstra ressurs med tanke på å oppnå uttak av skadegjerande individ og for å gjere rovviltregion 1 til eit beiteprioritert område.
Fjelloppsyn Luster kommune