🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring om lisensfellingsperioden for jerv

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ser ein verdi i justering av varigheit på lisensfellingsperioden. Om perioden vert utvida, vil truleg fleire løyse lisens og vurdere jerv som eit mogleg tillegg til den jakta dei er på. Jegerane er opptatt av anna jakt tidleg i sesongen, noko som truleg bidreg til lave fellingstal i starten av lisensperioden. Auka verketid vil kunne gje høgare fellingsprosent der jakta kan kombinerast. Jegerar som til vanleg startar jakt 10. september eller seinare, kan ha interesse av jervejakt om lisensfellingsperioden startar tidlegare.

Perioden frå 20. august til 10. september ein periode med tradisjonelt mykje jerveskade og stor aktivitet med skadefellingsforsøk. Utvida lisensfellingsperiode vil kunne gje betre rammer for beitebrukarene i tapsutsette område og mindre press på forvaltninga når desse kan felle jerv utan å søke om skadefellingsløyve.

Bestandsmålet i region 6 er på 10 ynglingar, og for Møre og Romsdal er bestandsmålet 3 av desse. Regionen har dei tre siste åra (2019-2021) hatt eit gjennomsnitt på 17,6 ynglingar pr. år. Dei siste tre åra var talet 8, 6 og 5 ynglingar i Møre og Romsdal. Topografi, klima og lysforhold er faktorar som styrer lisensfellinga i Møre og Romsdal. Ut i sesongen gjer snø og snøskredfare at mange område ikkje er tilgjengelege for jakt.

Lisensfelling, slik den er no, er ofte ikkje nok til å fylle fastsette kvoter, spesielt i beiteprioriterte områder. Ein stor del av dei beiteprioriterte områda ligg utanfor villreinområda og vil ikkje få effekt av ei eventuell utviding av lisensfellingsperioden innanfor villreinområda. Dette vil vere negativt for den differensierte forvaltninga og prinsippet om at uttak av dyr skal ha lågare terskel utanfor forvaltningsområdet.

Slik det blir påpeika i høyringsdokumentet er kvalpane framleis saman med mordyret meir enn 50 % av tida 20. august. I følgje Rovdata er kvalpane heilt uavhengige rundt midten av september. NINA prosjektet Jerven- og en verden i forandring viste at tapstal kan forklarast av førekomst av tisper med ungar og generell tettleik av jerv. Det er difor truleg at motivasjonen for felling av jerv er samanfallande med områder med førekomst av ynglande tisper.

Det er satt opp fire alternative forslag til lisensfellingsperiode, der forslag 1 er uendra frå noverande lisensfellingsperiode, forslag 2 – 4 er ulike variasjonar med utvida fellingsperiode frå 20. august. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er positiv til utvida lisensfellingsperiode, men vi saknar alternative datoar for tidleg start, til dømes 1. september. Vår vurdering er at jaktstart 1. september vil gje ein effekt i form av at det framleis er mange i fjellet på villreinjakt, og det vil betre ivareta dyrevelferda da kvalpane er meir uavhengige. For dei involverte partane er det truleg av liten praktisk betydning kva dato lisensfellinga startar, men tidlegare start enn i dag er ønska.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil peike på at beiteprioriterte område i stor grad fell utanom dersom tidlegare lisensfellingsperiode skal gjelde berre i villreinområda. Det bør leggast vekt på at beitebrukarane med tidlegare start vil kunne felle jerv i ein skadeutsett periode utan å søke om skadefelling. 1. september bør vurderast som ein alternativ startdato for lisensfelling av jerv.