🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av forslag til ny forskrift om oppfølgning av barn på institusjon og fors...

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyring ny tilsynsforskrift

Vi støttar i hovudsak dei endringane og presiseringane som er gjort i forslaget til ny tilsynsforskrift og vurderer at dei inneber ei god tilpassing til korleis tilsynet på institusjonane blir utført nå.

Tilsynsforskrifta § 3 konkretiserer betre enn før kva som skal bli kontrollert i tilsynet. Vi vurderer at dette presiserer tilsynsoppgåva slik at det klarare både for oss som utfører tilsynet og for barna og institusjonen kva tilsynet faktisk inneber.

Vidare er det positivt at det blir innført ei føresegn om at tilsynsrapporten skal bli sendt i kopi til barnevernstenesta. Dette vil betre barnevernstenesta sin kunnskap om korleis barnet har det og vil kunne styrke deira oppfølging av barnet.

Vi er også positive til at forskrifta ikkje lenger har eit krav om uanmeldte tilsyn. Dette gjev fleksibilitet slik at ein kan velje den tilsynsforma som vil fungere best. Vi har opplevd at det på enkelte uanmeldte tilsyn ikkje har vore forsvarleg å snakke med barna. Vi har også konkludert risikovurderingar med at det ville vera uforsvarleg for barnet at tilsynet blei uanmeldt. I desse situasjonane har vi måtte brote regelverket for å gjennomføre eit forsvarleg tilsyn.

Kravet i den gamle tilsynsforskrifta om kor mange tilsyn ein skal ha på kvar institusjon blir ført vidare i den nye. Det kan utgjera ein fare at talet på besøk blir viktigare enn innhaldet i tilsynet. Etter vår vurdering blir tilsynet best om det er risikobasert. I nokre tilfelle der det er eit stort tilsynstema og lovbrot, er det vanskeleg å få avslutta tilsynet før ein må begynne på neste tilsyn. Det gjeld særleg dei institusjonane som skal ha tilsyn fire gonger i året. Vi ber om at det blir vurdert å gjere unntak i desse tilfella.

Vi har ikkje merknader til formuleringane i tilsynsforskrifta § 6 om gjennomføring av tilsynssamtalane med barna. Det går fram av høyringsnotatet at ein skal legge til rette for individuell kontakt med barnet og det er lagt stor vekt på barna sin rett til å medverke i tilsynet. Vi sluttar oss naturlegvis til dette, men vil understreke at det er urealistisk at alle barn i institusjonane skal kunne nytte seg av denne retten fullt ut. Tilsynet møter dei fleste barn berre ein gong, og det gjev oss eit avgrensa grunnlag for å etablere så god kontakt som ønskeleg med alle barn i institusjonane.

Når det gjelder spørsmålet om det er nødvendig med regulering av behandling av enkeltvedtak og andre tilvisingar i forskrifta når det allereie er regulert i lovteksta, har vi ikkje nokre sterke synspunkt på det. Vi vil likevel vise til at ordbruken i lovteksten om at avgjerder om tvang skal «forelegges tilsynsmyndigheten» kan vere vanskeleg å forstå. Det bør kanskje bli presisert nærare i til dømes ei retningslinje.