SAMFERDSELSDEPARTEMENTET
2022/1708 -53467/2022
Randi Karin Habbestad
Visar til dykkar brev datert 15. mai 2022 med referanse 2022/43286-5. Fitjar kommune vil gje følgjande uttale til høyringsbrevet.
Osloruta er viktig for det regionale næringslivet i Sunnhordland og dermed også for Fitjar kommune.
Lufthamna er viktig for beredskapen i regionen og er ofte besøkt av redningshelikopter og ambulansefly.
I oktober i 2020 vart lufthamna nytta som helikopterbase for offshoretrafikk til plattformene i Nordsjøen grunna vektarstreik på Bergen lufthavn, Flesland. Stord lufthamn avlastar Bergen lufthamn med treningsflyging av sivile fly og helikopter. I tillegg nyttar dei nye helikoptera til Forsvaret, med base Haakonsvern lufthamna til treningsflyging. Utan ei Oslorute med ein god tidtabell og minst 3 rundturar pr. dag mandag til fredag samt 1 rundtur på laurdag og 2 rundturar på søndagar er Stord lufthamn si framtid sterkt truga.
Flyselskapet DAT er i dag flyoperatør på Osloruta og flyg for tida denne ruta for eiga økonomisk risiko. DAT flyg i dag 12 rundturar pr. veke på ruta. Kabinfaktoren ligg er på 55%, men det vil enno gå noko tid før ruta igjen kan drivast på kommersiell basis. For å unngå nye stopp i ruteflyginga samt permittering av tilsette må Osloruta inkluderast i statens regionale ruteflygingar (FOT-ruter) frå og med 01.04.2024.
Me har merka oss at rutene på strekninga Stokmarknes-Bodø, Stokmarknes-Tromsø, Ørsta-Volda-Oslo og Florø-Oslo som Widerøe tidlegare flaug på kommersiell basis no er tekne inn som statlege FOT-ruter frå oktober 2021.
Me meinar at flyruta Stord-Oslo er like viktig for regionen Sunnhordland som flyrutene på dei regionale lufthamnene i Florø, Førde, Sandane og Sogndal er for sine regionar. Når det gjeld framtidig regionale ruteflygingar bør Stord lufthamn, som er eigd av Stord kommune og Vestland fylkeskommune likestillast med dei andre regionale lufthamnene i fylket som i dag er eigd av Avinor AS.
Aker Solutions har for tida godt med arbeide fram til og med 2026. Flyruta Stord-Oslo er såleis svært viktig for å sikre gode vilkår for verftsindustrien i regionen. Stadig fleire privatpersonar vel og å nytta seg av den lokale flyruta til hovudstaden. Lokale helseføretak nyttar seg av flyruta når pasientar skal til/frå Oslo.
Randi Karin Habbestad
Dette dokumentet er elektronisk godkjent og sendt utan signatur