Innspel FOT-utlysing 2024
Noreg har tydelege mål om utsleppskutt, og siktar på å bli eit utsleppsfritt samfunn på sikt. For å klare detta er vi heit avhengige av å utvikle, ta i bruk og rulle ut utsleppsfrie løysingar også i luftfarten. Noreg står i ein særposisjon med omfattande innkjøp av regionale flytenester, og er difor særs godt egna til å bli blant dei aller første som tek i bruk utsleppsfrie fly i rutetrafikk og i stor skala mot slutten av detta tiåret. Samstundes har ein et utbygd kortbanenett og mange rutar med låge kapasitetsbehov. Det første utsleppsfrieflyet er truleg klart til å setjast i rute i 2026. ZERO vil her kome med innspel til korleis staten kan sikra innføring av utsleppsfriefly i løpet av kontraktsperioden, og ta høgde for pilotering og uttesting og klargjering som må gjerast i forkant av ei storstilt utrulling frå neste anbodsperiode.
Noreg har alle føresetnadar på plass for å bli ein føregangsnasjon innan utsleppsfri luftfart. Vi har fornybar kraft, aktive og interesserte aktørar og politisk vilje til å gjennomføre. I tillegg har vi ein geografi og infrastruktur som gjer Noreg til eit veleigna testområde og første marknad for elektrifisering av luftfarten. Det norske systemet med innkjøp av FOT-ruter er eit ideelt rammeverk for å setje klimakrav som utløyser ein ny marknad for utsleppsfriefly så fort teknologien er klar. Om Noreg ikkje tek grep no, men utset, risikerer vi at null- og lavutsleppsflya som er under utvikling ikkje vert tilpassa norske forhold med behov for trykkabin og lengde på rullebanene. Det er difor viktig at FOT-rutene 2024-2028 gjær det mogleg å få sette inn dei første utsleppsfrieruteflya, slik at det kan setjast krav i FOT-rutene fra 2028 om omfattande utrulling av rutefly utan utslepp.
Gjennom offentlege krav i anbod på flytrafikk har vi no ein unik moglegheit til å få omgjort den politiske viljen til handling, og realisering av verdas første utsleppsfrie flyrute. Det første skrittet burde være å avhalde en leverandørkonferanse for heile verdikjeda for utsleppsfrie fly. Dette vil gje Noreg merksemd på at vi meiner alvor med vår satsing, nyttige innspel til moglege krav og innfasingsmåte, samt vise kor i verdikjeda Noreg sjølv kan bidra med produkt og verdiskaping.
ZERO sin hovudbodskap:
For å få på plass utsleppsfrie rutefly i ordinær trafikk så snart som teknisk mogleg krevst det uttesting og godkjenning av relevante fly og infrastruktur i komande periode 2024-2028. Og den fyrste ruta må på plass i perioden 2026-2028.
Ved utforminga av FOT-rutene for 2024-2028 er det viktig at det vert lagt eit grunnlag som sikrar ei storstilt utrulling av lav/nullutsleppsfly i den påfølgande perioden frå 2028, med moglegheit for konkurranse mellom ulike aktørar. Ny teknologi har ein større investeringskostnad. Ein bør difor vurdere å utvide anbodsperioden for å gi sikkerheit for investering i nye utsleppsfrie fly.
· Tydelege mål som sikrar føreseielegheit for marknaden
· Risiko finansiering (Enova eller CO2-fond for luftfarten)
· Eit permanent test- og innovasjonsenter som mellom anna inneheld: koordinering, raske tilatelsar til test i luftrom, ulike testområde for utsleppsfrie fly. Test at lading/fylling og tilhøyrande økosystems som er avgjerande for ein utsleppsfri luftfart.
· Avgiftsføremonar i ein avgrensa periode fram mot 2040
· Ha kontakt med andre likesinna regionar og land for å syne kva marknadspotensialet for utsleppsfri regional luftfart er
Å sikre at de første utsleppsfrie flya kjem i rute mellom 2026-2028 kan gjerast på ulike måtar. Anten gjennom Innovative statlege innkjøp i tett dialog med marknaden. Eller ein kan stilla kontraktskrav til utsleppskutt i perioden, eller premiera lågare utslepp for heile perioden gjennom akkumulert bonus. Detta vil premiere at flest mogleg utsleppsfrie fly kjem i lufta. Ein kan også stille krav om innføring av ny teknologi når denne er klar. Sidan det leggast opp til fleire “rute modular” bør ein gå inn på kven av desse som er meir egna for dei første utlseppsfrie flya. Ein bør starte med ny teknologi i nokre av desse med kortare avstand. Zero vil anbefale at ein einast om 2-3 ruter kor ein sett inn utsleppsfrie fly i komande periode. Desse kan gjerne kome ut som separate utvelkingsanbod/utveklingskontraktar og gå til ulike aktørar, men må varslast samstundes med at heile anbodet kjem ut. Desse bør prøve ulike søtrrelsar på fly og ulike avstandar mellom destinasjonane. Fleire ruter har lat kapasitetsbehov, noko som gjer dette gunstig. Det kan også opne for hyppigare avgangar, eller andre flymønstre med færre mellom stopp.
Det er avgjerande at kontrakta utformast slik at nye aktørar som ønsker å konkurrere om å fly utsleppsfritt på kortbanenettet frå 2028 får moglegheit til dette. Det må difor også tas omsyn til at andre aktørar kan teste ulike strekningar i perioden. Ein måte å sikra detta er om ulike aktørar har utviklingskontraktar for ulike pilotstrekningar
I Hurdalsplattforma kjem Politikaranes tydelige abisjon godt fram.
«Det er et mål å få ned utslippene fra luftfarten ved å stimulere til bruk av de mest miljøvennlige fly- og drivstofftypene. Det må komme ytterligere statlige virkemidler som driver frem en mer miljøvennlig luftfart, med biodrivstoff og ny teknologi. […] Opprettholde et godt, desentralisert nett med kortbaneflyplasser og sørge for at disse brukes i arbeidet med elektrifisering av luftfarten, blant annet gjennom et program for teknologiutvikling.»
Detta anbudet er difor viktig for at ambisjonane kan konkretiserast.
Det vil også bygge opp under Stortingest nydlige vedtak:
Stortinget ber regjeringen sørge for at det stilles krav i anbudene om bruk av lav- og nullutslippsteknologi på kortbanenettet så snart det er teknologisk mulig.”
Ein Leverandørkonferanse, f.eks i samarbeid med Luftfartstilsynet og Avinor vil være ein fornuftig start for å syne handlekraft både nasjonalt og internasjonalt, samt innhente nyttig informasjon og oversikt og sette Noreg på kartet som eit land som verkeleg ynskjer å kutte utsleppa frå luftfarten og være med å ta i bruk og rulle ut ny teknologi. Eit naturleg neste skritt, utveklingsanbod på minst to ruter i samband med anbodsutlysinga.