🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høyring av rapport frå ekspertutval om finansiering av universitet og høgskular

Høgskulen i Volda

Departement: Kunnskapsdepartementet 1 seksjoner
Høyringsfråsegn frå Høgskulen i Volda til rapport om «Finansiering av universiteter og høyskoler»

Høgskulen i Volda (HVO) takkar for moglegheita for å spele inn svar til rapporten og takkar også utvalet for arbeidet som har vore gjort. Overordna støttar Høgskulen i Volda mange av framlegga, men er også litt spørjande til korleis dei vil fungere i praksis, då mange av framlegga er uklare korleis dei vil slå ut finansielt i sektoren. HVO rådar til at alle justeringar som vert vurdert gjennomført må konsekvensutgreiast, slik at ein unngår utilsikta konsekvensar. Dette er ikkje gjort i rapporten, men må gjerast før finansieringsmodellen eventuelt vert justert. Men vi støttar at politisk styring skal vere på eit overordna nivå og at institusjonane sin autonomi vert oppretthaldt og styrka. Vidare er vi samde i at den generelle rammeløyvinga må gje rom for langsiktig planlegging og kvalitetsutvikling hjå institusjonane. HVO støttar også at prinsippet om at omlegginga som utgangspunkt må vere budsjettnøytral ligg til grunn. HVO er positive til at budsjettmodellen i sektoren kan forenklast, men samtidig er det avgjerande viktig at UH-sektoren har ei føreseieleg finansiering i framtida. HVO er generelt positive til å tilbakeføre noko av den indikatorstyrte finansieringa (lukka ramme) tilbake i rammeløyvinga (basis), slik det var før desse indikatorane vart innført. Dermed vil ein i endå større grad kunne tenke langsiktig utvikling av sektoren. Vidare vil vi gå inn og kommentere nokre av forslaga meir i detalj.

HVO er svært skeptisk til å knyte økonomi til utviklingsavtalane, og anbefaler departementet å ikkje gjere det. Bakgrunnen for dette er mellom anna at det ikkje er fellesmål i sektoren, slik at det vert subjektive vurderingar, som vert svært vanskeleg å forhalde seg til.

Om det likevel skulle verte gjort er HVO tydeleg på at det då må vere friske midlar og knytt til å gjere tiltak for å oppnå utvikingsavtala, og ikkje knytt til mål på kor vidt utviklingsavtala er oppfylt. Vidare er det, i tilfelle det vert tilført midlar, viktig at det også vere ei nokolunde rettferdig fordeling i sektoren og bidra til utvikling av alle institusjonane, både små og store.

HVO rådar kunnskapsdepartementet å ikkje omdisponerer midlar frå forsking, undervising eller formidling til å gjennomføre utviklingsavtalane. HVO meiner at det må, om det skal knytast midlar til utviklingsavtalane, vere friske nye midler.

HVO støttar utvalet i at det ikkje bør innførast fleire nye indikatorar knytt til resultatbasert utteljing (til dømes formidling og arbeidslivsrelevans).

HVO stiller seg bak at delar av indikatorsystemet kan forenklast, og at indikatorane knytt til utveksling, kandidatar, publisering og eksterne inntekter kan fjernast. Men ei føresetnad er at midlane ikkje forsvinn, men vert lagt inn i rammeløyvingane, altso ei tilbakeføring til ramma. Særleg sidan desse midlane i si tid vart henta frå ramma når indikatorane vart opprette (ikkje friske midlar). HVO anbefaler at ein ikkje tar utgangspunkt i eit enkelt år når ein skal flytte økonomien frå desse indikatorane og inn i rammeløyvinga. Her bør ein heller ta eit gjennomsnitt av til dømes dei tre siste åra for å jamne ut dei til dels store svingingane desse kategoriane kan utgjere. Også med tanke på at indiaktoren rundt utveksling er svært låg no grunna pandemi.

HVO vil særleg kommentere kandidatorindikatoren, og her stiller HVO seg bak oppfatninga av at kandidatindikatoren er med på å påvirke tilbodet av etter- og vidareutdanning i negativ retning, då denne premierer gjennomføring av grader på bekostning av kortare studiar, som til dømes vidareutdanning. HVO er derfor positive til at indikatoren vert fjerna. Ein absolutt føresetnad er då at pengane knytt til kandidatindikatoren vert tilbakeført til studiepoengindikatoren, slik utvalet foreslår. HVO vil presisere at det er viktig at ingen utdanningar vert dårlegare finansiert som følge av omlegginga med å fjerne kandidatindikatoren, og oppmodar KD om å greie dette ut grundigare før ein gjennomfører endringa. Sjå meir om dette i kapitel 4 – Andre innspel.

HVO forstår utvalet si tilråding i kapittel 4.6.3 på side 74, slik at utvalet tilrår at eksisterande studietilbod og eventuell utviding av desse skal finansierast via studiepoengkategoriane, medan heilt nye tilbod skal finansierast ved å vurdere dei reelle kostnadane. HVO er tydelege på at å lage to system for finansiering i sektoren vil vere uheldig og er også bekymra for auka administrative kostnadar ved å ha to system side om side. Det vil vel heller ikkje verte ein resutlatindikator lenger, då dette i praksis vil fungere som ein del av rammebevilgninga. HVO er også bekymra for at dei same studietilboda vil få svært ulike vilkår. HVO anbefalar at finansieringskategoriane også vert nytta til å finansiere heilt nye tilbod. HVO rådar at auka kapasitet til vidareutdanningar, og også fleksible og desentraliserte utdanningar vert finansiert likt med andre studietilbod, altso midlar knytt til studieplassar.

I tillegg til anbefalingane som kjem i rapporten vil HVO peike på nokre andre punkt: