Norsk Målungdom (NMU) organiserer ungdom frå heile Noreg i arbeidet for at alle skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, og for å fremja nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Vi er glade for høvet til å komme med innspel til rapporten om finansiering av universitet og høgskular. NMU stør i stor mon innhaldet i rapporten, men har nokre innvendingar.
Rapporten kjem med eit framlegg til nytt system for resultatbasert utteljing. Det går i hovudsak ut på å forenkle systemet, slik at det berre er indikatorar for studiepoeng og avlagde doktodgrader som skal telja med. Akkurat kva indikatorar som skal nyttast til dette, har me ingen særskilde meiningar om, men me stør ei forenkling av systemet som gjer at utteljinga blir meir objektiv og føremålstenleg, og som kan styrkje norsk fagspråk og stoda til nynorsk i høgre utdanning.
Rapporten set lys på at når systemet er som det er no, gjer insentiva at det blir mindre attraktivt å utvikle norsk fagspråk gjennom å skrive norskspråklege læremiddel. Føremålsparagrafen til spåklova seier at offentlege organ skal utvikle bokmål og nynorsk. Dette inneber blant anna at dei har ansvar for at det blir utvikla terminologi på norsk. I tillegg pålegg universitets- og høgskolelova § 1-7 universitet og høgskolar å halde ved like og vidareutvikle norsk fagspråk.
Dette er eit stort og viktig ansvar for at norsk skal halde fram som det samfunnsberande språket i Noreg. Det er ein del av samfunnsoppdraget til universiteta og høgskulane, men blir i dag ofte nedprioritert når det er andre ting som verkar meir attraktivt å jobbe med på grunn av den noverande resultatbaserte utteljinga.
Me meiner at dersom systemet blir endra slik det er føreslege, vil mykje vera gjort for å hindre at det å jobbe for og med norsk fagspråk er å jobbe på tvers av forventingane. Men me meiner at dette i seg sjølv er ikkje nok.
Det står godt i rapporten om problemet som gjer at norsk fagspråk blir nedprioritert gong på gong, og syner at systemet må endrast:
"Uklarhet åpner for ansvarsfraskrivelse hos både myndighetene og institusjonene. Myndighetene kan (...) legge ansvaret for områdene som nedprioriteres over på institusjonene. Institusjonene på sin side kan forsøke å bortforklare manglende resultater på mange områder ved at «det finnes ikke noe insentiv for X», og dermed legge ansvaret på myndighetene som utformer insentivene."
Rapporten føresleg at brorparten av intensiva ikkje lenger skal gjevast gjennom den resultatbaserte utteljinga, men at «generelle signaler om regjeringens problemforståelse, mål og prioriteringer vil måtte gis i andre kanaler (fellestekst i tildelingsbrev, strategier eller meldinger)». Dette meiner me er rimeleg, men då må desse signala vere klåre, tydelege og målretta, og å ikkje berre svara til dei noverande insentiva i utteljinga. Det står mellom anna ikkje i rapporten om kva ordningar som skal stø opp om det norske fagspråket.
Difor har me eit krav. Det lyt innførast økonomiske ordningar som oppmodar universitets- og høgskulesektoren til å følgja språklova og dei politiske føringane for bokmål og nynorsk. Mange store universitet og institusjonar bryt desse systematisk. Gjennom klageportalen som me i NMU har drifta i mange år, kjenner me godt til kor ofte studentar til dømes ikkje får eksamen på nynorsk. Dette går ut over både nynorsk og norsk som fagspråk, og studentane. Men dette er berre eit av mange døme på korleis institusjonane vanrøktar det språklege samfunnsansvaret dei har.
I dag er det ikkje høve til å sanksjonere lovbrot som dette økonomisk, og institusjonane kjenner ingen konsekvensar av å bryte lova. Sjølv om den resultatbaserte utteljinga blir endra og forenkla, må det vera til stades reglar som må oppfyllast for at institusjonane kan få støtta. Desse reglane må sikre at instutisjonane følgjer samfunnsoppdraget sitt om å utvikle norsk fagspråk, og at dei oppfyller språkrettane til studentane sine. Dersom eit universitet eller høgskule ikkje oppfyller reglane, må dei kunna risikere å miste denne støtta.