Produksjon av bær er ei viktig inntektskjelde for mange norske bønder. Både næringa sjølv og regjeringa har ambisjonar om å auke konsumet og norskdelen. Grøntnæringa har ein ambisjon om å auke norskdelen frå 40% til 60% i 2035. Det krev tilrettelegging for auka produksjon frå styresmaktene både for nasjonale produksjonsvilkår og styrka importvern.
Frukt- og grøntprodusentane hentar over 90% av inntektene frå marknaden. Difor blir importvernet spesielt viktig. Samtidig har frukt og grønt gjennomgåande eit svakare tollvern enn andre norske produksjonar, og det er difor viktig å styrke tollvernet på desse produkta for å oppnå målet om ein auka produksjon. Norges Bondelag har kravd overgang til prosenttoll for fleire produkt innan frukt- og grøntsektoren.
For bær er importen stor. For jordbær var til dømes importdelen i 2020 på over 60%. Det er difor spesielt viktig å halde på importvernet for å hindre enno større import og heller jobbe for å auke norskdelen.
Konservesordninga er viktig for å legge til rette for at norske frukt- og bærprodusentar får levert til norsk bearbeidingsindustri. Ordninga skal stimulere norsk industri til å velje norske bær der det er tilgjengeleg. Alternativet er at dei veljer berre importerte bær, og dermed reduserer marknadsmoglegheitene for norske bønder. Ordninga gir bedrifter som brukar norske produkt også tilgang på importkvoter. Men det er samtidig viktig at det ikkje blir gjort endringar i ordninga som gjer det vanskelegare for norske produsentar å levere bær til industrien av eit visst volum.
I gjeldande forskrift (1) er den totale kvota for jordbær frå EU og nasjonalt fastsett kvote til saman 3 900 tonn. I tillegg kjem ny kvote til Storbritannia på til saman 440 tonn årleg. Det inneber at den totale kvota på jordbær til industrien allereie er auka med 440 tonn totalt.
Norges Bondelag er difor kritisk til forslaget om å auke den nasjonalt fastsette tollkvota på jordbær opp til 2 000 tonn. Med endringa vil den totale kvota for jordbær bli 4 640 tonn (2). Vi har forståing for at industrien treng meir bær når dei ikkje får tak i norske bær, men meiner den eksisterande totale kvote på 4 340 tonn må vere nok for å dekke dette behovet.
I høyringsbrevet blir det rekna med ein norsk produksjon på 400 tonn. Men produksjonen varierer frå år til år, og ikkje lenger bak enn i 2019 var produksjonen større enn 400 tonn. Det er viktig å ikkje låse kvotane på ein måte som gjer det vanskeleg å auke produksjonen av industribær inn til Noreg. Vi ber også om at ein gjer ei vurdering av om ein kan ha fleksibilitet i forskrifta, slik at ein kan sikre norsk avsetning i gode norske produksjonsår.
Det ville vere uheldig å auke importkvoten i ein situasjon der både næringa og regjeringa er samde om ei sterk satsing på å auke norskdelen av frukt og bær. Dette vart sist illustrert gjennom innføring av ein eigen tilskotssats for industribær i årets jordbruksforhandlingar.
Norges Bondelag krev med dette som bakgrunn at det ikkje blir innført ein auke i kvoten for konservesindustrien på 300 tonn for jordbær.
1: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2005-12-22-1723
2: 2200 tonn frå EU, 440 tonn får Storbritannina og 2 000 tonn nasjonalt fastsett jf første avsnitt s 5 i høyringsbrevet