Høyringssvar Helse Fonna HF
Endringer i forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger
Forslaget om endring i forskrifta inneber at verksemder som har søkt om registrering som utdanningsverksemd inntil 31.12.2022 får godkjend registrering frå søknaden er sendt. Dette forslaget støttast.
Me vil påpeike at denne endringa også bør gjerast når det gjeld søknad om godkjenning som utdanningsverksemd. Dei argumenta som blir nytta for endring når det gjeld registrering av utdanningsverksemd, vil også kunne nyttast for godkjenning av utdanningsverksemd. Saksbehandlingstida i Helsedirektoratet er, ut frå Direktoratet sine oversikter, betydeleg lenger for sjukehusspesialitetane. Pr. 01.03.2022 er det fatta vedtak i under 20 % av søknadane. For helseføretak som har søkt godkjenning seinare enn 01.03.2019, og som derved ikkje automatisk har fått godkjenning frå dette tidspunktet, begynner tida frå søknad til vedtak å bli urimeleg lang. Dei omsøkte spesialitetane blir «sette på vent» på grunn av manglande avklaring. Ein kan ikkje lyse ut utdanningsstillingar i faga, og kan ikkje forvente å få søkjarar til stillingar innan fag som ikkje er godkjende utdanningsstillingar. Det er derved fare for rekrutteringssvikt til faga og fråfall av spesialistar. På same måte som for søknader som er sende før 01.03.2019 og for søknader om registrering som utdanningsverksemd, må Departementet og Direktoratet anta at ein har eit opplegg for LIS i tråd med forskrifta, og at legane kan få eit utdanningsløp som kvalifiserer til å bli godkjend spesialist. Det er tidlegare gitt innspel til Helsedirektoratet om å prioritere søknadane som er sende etter 01.03.2019, men det ser ikkje ut til at dette blir gjort.
På bakgrunn av dette bør forskriftsendringa også gjerast for godkjenning av utdanningsverksemd, på linje med endringa for registrering av utdanningsverksemd.