Høyringsuttale frå Jordvernforeningen i Rogaland
Vår forening blei først idag merksam på at det her er spørsmål som kjem inn under vårt interessefelt. Me vil konsentrera uttalen om det som går på opprydding og ferdigstilling av areal etter riving og fjerning av bygg. Me har merkt oss at det i presisering til forskrifta er sagt at kostnader med tilbakeføring av arealet til jordbruksareal ikkje skal med i kostnads-/erstatningsgrunnlaget. Det aller meste av arealet der det er bygd pelsdyrfarmar var tidlegare dyrka jord - i alle fall i vårt distrikt.
Jordvernforeningen i Rogaland reagerer sterkt på denne avgrensinga av erstatningsgrunnlaget. Vi viser til kronikkar og brev til ulike organ i det siste frå Landbruksdepartementet om vern av dyrka jord, og om behovet for eit betydeleg større areal i åra framover. Ved å støtta økonomisk opp under tilbakeføring av dyrka jord på pelsdyrfarmane, vil ein gi eit betydeleg bidrag. Her må me ta med at slik erstatning vil vera i tråd med etablert praksis, der Statsforvaltaren tidlegare har ytt kostnadskompensasjon til tilkøyring av massar og tilbakeføring til produktiv jord.
Dersom det ikkje blir ytt slik kompensasjon, er me sterkt uroa over korleis areala som er planerte ut etter opprydding, men ikkje tilbakeført til dyrka jord, kan bli nytta i framtida. Dei aller f'leste pelsdyrfarmane i Rogaland ligg i pressområde, og utan tilbakeføring til dyrka jord, vil det bli ein varig fare for, og truleg eit sterkt press i retning av, å nytta areala til andre føremål enn jordbruk. Det vil i neste omgang føra til press på tilgrensande jordbruksareal. Dette er ei utvikling me historisk sett kjenner godt til.
Jordvernforeningen i Rogaland vil så sterkt me kan rå til at det blir gjeve full kompensdasjon til tilbakeføring av alle areal til jordbruksareal. Oppryddinga er rett og slett ikkje fullfølrt, og areala sikra for landbruket før slik tilbakeføring er gjennomført.
for Jordvernforeningen i Rogaland