Høyringsutsegn om framlegg til ny feltsikkerheitsforskrift.
Viser til høyringsnotat frå Justis- og beredskapsdepartementet datert 31. august 2021 der eg har merknader til følgjande paragrafar:
§3. Definisjonar, bokstav f)
Departementet vel å ikkje skilja mellom tidlegare fastbuande på Svalbard og andre såkalla individuelle reisande då det er «praktisk» å samla alle individuelle reisande til øya i same gruppe, jf. punkt 3.13, siste avsnitt. Det synes korkje rett eller rimeleg at tidlegare fastbuande, med gjerne eit langt yrkesliv og friluftsliv på Svalbard bak seg, skal plasserast i same kategori og omfattast av dei same restriksjonane som andre individuelle tilreisande der tilknyting og kjennskap til Svalbard kan vera ubetydeleg eller til og med ikkje-eksisterande. Denne desavueringa av tidlegare fastbuande synes eg skulle vore openberr for dei som har utarbeidd framlegget til den nye forskrifta. Det bør etter mi meining definitivt vera eit skilje mellom tidlegare fastbuande og andre individuelle tilreisande. Argumenta som vert ført i marka for ikkje å ha eit slikt skilje, verkar lite overtydande. I det følgjande og i merknadane til andre paragrafar skal eg gjera nærare greie for det.
Departementets framlegg om ikkje å vidareføra Nordenskiøld Land, eller «forvaltningsområde 10» som eit område for fri ferdsel, gjer at individuelle tilreisande i røynda vert låst til svært snevre område med såkalla godkjend arealplan, jf. punkt 3.5.5. Ferdsel utanfor desse områda er i framlegget til ny forskrift byråkratisert i den grad at terskelen for det vert svært høg. Dette vil vera særleg inngripande for i tidlegare fastbuande som kan ha heilt legitime grunnar til å ferdast utanfor planområda. Desse grunnane er nærare utdjupa i merknaden til §15 nedanfor. Helst burde difor framlegget om å skrinleggja «forvaltningsområde 10» som område for fri ferdsel forkastast. Eit anna alternativ som vil ivareta tidlegare fastbuande si tarv er at dei vert meir jamstilte med reelle fastbuande. Som vist i det følgjande burde ikkje det by på vesentleg problem.
Tidlegare fastbuande vil, som nemnt, i dei aller fleste tilfelle ha fleire år bak seg på Svalbard og bør difor ikkje vera strengare regulert enn det reelle fastbuande er, dvs. dei som er lovleg innmeldte i befolkningsregisteret for Svalbard. Som Departementet sjølv vedgår i notatet punkt 3.5.6, andre avsnitt, kan fastbuande ha til dels svært låg butid på Svalbard. Departementet meiner at det likevel kan stillast mindre strenge krav til fastbuande når det gjeld ferdsel på Svalbard, då sjølv dei med kort butid og erfaring ikkje synes å vera meir utsett for ulukker enn andre. Med normalt lengre opphaldstid og dermed potensielt større erfaring og kunnskap burde det i minst like stor grad vera tilfelle for tidlegare fastbuande. Slik sett synes det lite rimeleg å gruppera tidlegare fastbuande saman med andre individuelt tilreisande der ein må gå ut at relevant erfaring og kunnskap om Svalbard kan, som tidlegare nemnt, vera minimal eller til og med heilt fråverande.
Generelt vil det såleis vera ein vesentleg skilnad på tidlegare fastbuande og andre individuelle tilreisande når det gjeld evne til å ta seg fram i villmarka på Svalbard på ein trygg måte. Det synes difor meir naturleg å likestilla dei med fastbuande i forskrifta, eller i det minste la dei få tilnærma same vilkår med omsyn til ferdsel på Svalbard.
§11. Sikring mot isbjørnåtak.
Ut frå merknaden til §3 ovanfor, bør det ikkje stillast strengare krav i denne paragrafen til individuelt reisande som er tidlegare fastbuande enn til reelle fastbuande. Tidlegare fastbuande vil vera vel kjend med isbjørnfaren og i minst same grad som fastbuande vera i stand til å vurdera den og utstyra seg i samsvar med det ved ferdsel utanfor busette område.
§ 13. Krav til individuelle reisande og fastbuande på Svalbard ved ferdsel, aktivitet eller opphald utanfor områder med godkjent arealplan.
I tråd med merknaden til §3 bør det heller ikkje i denne paragrafen stillast strengare krav til individuelle reisande som er tidlegare fastbuande enn til reelle fastbuande. Som påpeika i merknaden vil Departementets vurdering av at individuelt reisande har lågare kunnskapsnivå og mindre erfaring ikkje vera tilfelle når det gjeldt individuelt reisande som er tidlegare fastbuande.
I punkt a) og b) andre avsnitt er det påbod om å ha med to-vegs satellittbaner kommunikasjonsutstyr og naudpeilesendar for individuelt reisande ved ferdsel, aktivitet eller opphald utanfor område med godkjend arealplan. Dette synes uansett ikkje å vera naudsynt dersom området der ferdselen, opphaldet eller aktiviteten skjer har mobildekning. Dette kan gjerne presiserast i forskrifta.
§ 14. Forsikring for og refusjon av redningsutgifter mv.
Også med omsyn til forsikring bør det ikkje stillast andre krav til individuelle reisande som er tidlegare fastbuande enn til reelle fastbuande. Tidlegare fastbuande vil neppe auka talet på redningsaksjonar merkbart utover det fastbuande står for, jf. punkt 3.14. Ferdselen til fastbuande vil uansett ha eit større omfang, og dermed større potensiale for redningsbehov, enn ei vesentleg mindre gruppe tidlegare fastbuande som dessutan vil vera på øya i kortare periodar.
I notatet punkt 3.14, fjerde og tredje siste avsnitt, konkluderer Departementet med at sjølv tidlegare fastbuande som eig hytte på Svalbard skal ha forsikringsplikt når vedkomande skal til og frå hytta dersom den ligg utanfor område med godkjent arealplan. Grunngjevinga for dette er todelt:
Departementet hevdar for det første at fastbuande som individuelle reisande ikkje har den erfaringa som reelle fastbuande har fordi sistnemnde bur på Svalbard og i kraft av dette har den erfaringa som skal til. Som Departementet er heilt på det reine med, slik det går fram av punkt 3.5.6 i notatet, kan fastbuande ha kort butid og dermed tilsvarande lite kompetent erfaring. At tidlegare fastbuande normalt vil ha den erfaringa Departementet etterspør, er det gjort nærare greie for i kommentaren til §3 ovanfor.
For det andre meiner Departementet at tidlegare fastbuande må påleggjast forsikringsplikt då dei ikkje kan føresetjast å ha oppdatert kompetanse på ferdsel og tryggleik på Svalbard. Dette er ein påstand det knapt er grunnlag for. Føresetnaden for ferdast trygt i svalbardnaturen, eller for så vidt annan natur, byggjer på praktisk kunnskap som ikkje vil tapa seg nemnande over tid slik tilfelle kan vera med annan kunnskap. Utfordringane ein møter ved å ferdast på Svalbard er heller ikkje særleg påverka av tid og har ein skaffa seg evna til å meistra dei vil den vera intakt jamvel om den ikkje er av nyare dato. Dette er i alle fall mi erfaring etter ein mannsalder på Svalbard. Også skuterkøyring er for eksempel ein praktisk dugleik der det ikkje skulle vera påkravd med jamleg oppdatering. Det er med andre ord lite truleg at den kompetansen på ferdsel og tryggleik som er tileigna på Svalbard vil verta avleggs når ein flytter derifrå. Tidlegare fastbuande misser sjeldan interessa for Svalbard og heldt seg difor orientert om det som skjer på øya. Mange kjem attende på besøk med jamne mellomrom eller år om anna, enten fordi dei skal bruka ei hytte dei eig eller disponerer, vil treffa gamle kjende eller på grunn av nostalgi. Dei aller fleste tidlegare fastbuande vil truleg vera godt orientert om det som skjer på øya, også med omsyn til eventuell informasjon om ferdsel og tryggleik. Noko som kan underbyggja dette er at lokalavisa «Svalbardposten» har eit stort fleirtal av sine abonnentar utanfor Svalbard og brorparten av dei kan ein gå ut frå er tidlegare fastbuande.
Departementet sine argument for å påleggja tidlegare fastbuande forsikringsplikt utover den som gjeld for registerte fastbuande, synes difor ikkje å vera vel funderte. Særleg gjeld dette tidlegare fastbuande som eig hytter utanfor område med godkjend arealplan. Dei aller fleste som er i denne situasjonen vil vera på Svalbard relativt ofte, minst ein gong i året, og ferdast til og frå hytta i samband med det. Departementet sin hypotese om tap av kompetanse på ferdsel og tryggleik synes i alle fall ikkje å vera særleg relevant for denne kategorien tidlegare fastbuande og desse bør difor få høve til naudsynt ferdsel til og frå hytta utan forsikringsplikt.
§ 15. Søknad om løyve til ferdsel, aktivitet eller opphald – turist- og feltverksemd, forskings- og utdanningsverksemd og individuelle reisande.
Av årsaker det er vist til i merknadane for paragrafane ovanfor vil det ikkje vera naudsynt å påleggja tidlegare fastbuande på Svalbard søknadsplikt for ferdsel utanfor område med godkjend arealplan då desse normalt vil vera fullt ut i stand til å ivareta sin eigen tryggleik ved slik ferdsel. Dersom det er naudsynt å registrera individuelle tilreisande som også er tidlegare fastbuande, må det vera tilstrekkeleg med ei enkel meldeplikt tilsvarande den gom gjeld for fastbuande ved ferdsel i verneområde etter §17.
Søknadsplikta vil særleg vera til ulempe for tidlegare fastbuande som eig hytter i område utan godkjend arealplan og det er ei rekkje privateigde hytter i denne kategorien. Slike hytter ligg mellom anna i hytteområda på Kapp Laila (Colesbukta) og i nærleiken av Svea, der det ikkje føreligg godkjend arealplan, jf. punkt 3.5.5. Desse hytteeigarane vil vera underlagt søknadsplikt dersom dei skal bruka hytta si og er tidlegare fastbuande. For å få tilgang til si eiga hytte i slike tilfelle må ein etter Departementet sitt framlegg senda søknad og så venta på eit svar som i beste fall vil ta tre-fire veker, i verste fall lengre, alt etter sakshandsamingskapasiteten som til ei kvar tid er hjå Sysselmeisteren. Dette synes ikkje særleg tilfredsstillande og det kan vera ein alvorleg hemsko som tvingar eigaren til å bruka hytta mindre enn vedkomande elles ville. Ei søknadsplikt utan atterhald vert spesielt rigid og inngripande dersom det skjer noko med hytta slik at den tek skade og treng snarleg tilsyn for å avgrensa skaden. Ein slik skade kan til dømes oppstå dersom ein isbjørn bryt seg inn i hytta, noko som ikkje er uvanleg, særleg dersom den ligg avsides. Ein søknad om løyve til naudsynt ferdsel som det vil ta fleire veker å få svar på, vil gjera det umogeleg for hytteeigaren å sikra hytta i tide mot ytterlegare skade og vedkomande kan dermed påførast store ulemper i tillegg til auka utgifter og arbeidsinnsats for å retta opp skaden. Ei enkel meldeplikt som foreslått ovanfor vil derimot løysa dei problema ei søknadsplikt vil påføra tidlegare fastbuande som eig hytter utanfor område med godkjend arealplan.
Individuelle tilreisande som er tidlegare fastbuande bør ikkje påleggjast rapporteringsplikt utover den som fastbuande har og særleg ikkje dersom dei eig hytte utanfor område med godkjent arealplan og aktiviteten det skal rapporterast om berre gjeld ferdsel til og frå hytta.
Dei tilpassingane som er skisserte i merknadane til paragrafane ovanfor skulle etter mi meining ikkje vera i strid med det som er føremålet med forskrifta.
adr. Postboks 430, 9171 Longyearbyen
e-post: johanneshj@outlookl.com