Den store flyktningestraumen frå Ukraina gjev kommunane store utfordringar. Berre det å finna nok hus til flyktningane er vanskeleg. Litt i bakleksa ser det ut til at skule og opplæring for born i grunnskulealder kjem.
Flyktningeborna treng å delta i fellesskulen for å verta kjend med andre born, og på den måten verta inkludert. Som alle treng dei opplæring i førstespråket sitt for å vidareutvikla språket, uansett kor lenge flyktningetida deira varar. Det er òg naudsynt for dei å kunna delta i dei viktigaste skulefaga på morsmålet. Derfor treng dei òg tospråkleg fagopplæring. Men kanskje det viktigaste er å få læra norsk. Språket treng dei for å kunna delta i kvardagslivet, men òg for å kunna læra i skulen.
Det å få opplæring i norsk som andrespråk er svært viktig for alle innvandrarborn som ikkje meistrar norsk godt nok. § 2-8 i Opplæringslova seier òg at denne elevgruppa har rett til særskild språkopplæring. Det vil seia norsk som andrespråk, tospråkleg fagopplæring og vidareutvikling av morsmålet.
No er det framlegg frå departementet til å midlertidig endra opplæringslova § 2-1 andre lekk andre punktum slik at retten til grunnskuleopplæring ikkje treng å oppfyllast innan éin månad for flyktningeborn frå Ukraina, men kan setjast på vent i tre månadar. Det vil seia at denne elevgruppa kan verta utan skuletilbod i 3 månadar. For elevar som kjem i slutten av april vil denne tida verta utvida med to månadars sommarferie, dvs at det vil ta i alt 5 månadar på det meste før eleven startar i skulen. Dette er svært uheldig, og vil vera ei ekstra belastning for flykningeborn som mest av alt treng ein kvardag med gode rammer. Eit skuletilbod vil gje elevane gode rammer i kvardagen. Elevane vil få sjansen til å læra språket og kunna halda fram med opplæring i andre fag. I tillegg vil dei kunna verta kjend med andre elevar, få innpass i fritidsaktivitetar og få nye vener. Slik me ynskjer at alle born skal ha det.
Det er ei stor utfordring for kommunane å skulla ta i mot eit stort tal med flyktningar på kort tid. For å få dette til er det heilt naudsynt at kommunane har utarbeidd gode planar for ordinært mottak av minoritetsspråklege elevar. Det krevst ma. at kommunen har på plass lærarar med kompetanse i norsk som andrespråk, tospråklege faglærarar og morsmålslærarar. I tillegg er det viktig å ha ein person på kommunenivå som arbeidar særleg med grunnskuleopplæringa til minoritetsspråklege elevar.
I framlegget som er skissert i høyringsnotatet vil ein at kommunane skal skuva problemet med å finna skuleplass til dei ukrainske elevane framover i tid, frå éin månad til tre. Denne elevgruppa treng å få eit opplæringstilbod så raskt som mogleg og gjerne før det har gått éin månad. Sjølv om det vert travelt, bør ein sjå på andre måtar å organisera tilbodet på, framfor å setja elevane på vent.
Det kan td vera å gje eit tilbod som har færre timar enn det ordinære tilbodet. Eit døme kan vera at elevane i ein periode på ein månad eller to, har kortare skuledagar. På den måten kan elevane få starta norskopplæringa raskt, og få høve til tidleg å verta kjend med dei andre elevane på skulen. Slik vert dei ukrainske elevane fortare inkludert i det norske. Med tidleg norskopplæring har elevane større sjanse til å få ei språkopplæring som vert betre enn om dei må venta 3-4 månadar med å koma i gang. For dei av elevane som vert verande lenge i landet er det særs viktig med god og systematisk norskopplæring.
I høyringsnotatet er det òg gjort framlegg om å opna opp for å kunna gjera unntak frå kravet til samtykke for eleven eller dei føresette for innføringstilbod i eigne grupper, klassar eller skular. Slik ein kan forstå dette framlegget vil det gje kommunane høve til å ikkje inkludera flyktningeborna i skulen, men i staden halda dei skilt frå dei andre elevane. Det vil i praksis seia at flyktningeborna skal ha eigne grupper, klassar eller skular. Det er ikkje dette elevar som har flykta frå krig treng. Dei ukrainske borna treng å få vera saman med elevar som har andre erfaringar enn krig og det som følgjer med krig. Dei treng å få vera i ein klasse med mangfald, der elevane har ulike kunnskapar og interesser. Dei treng å få vera saman med klassekameratar som kjenner fritidsaktivitetane i nærområdet, og som kan ta dei med på dei ulike tilboda. Dei treng å få vera med.
Derfor er det viktig at: