Høring – midlertidige endringer i lovverket som følge av ankomst av fordrevne fra Ukraina med rett til midlertidig kollektiv beskyttelse
Noregs Mållag vil med dette kome med nokre innspel til høyringa om mellombelse endringar i lovverket som følgje av at fordrivne frå Ukraina kjem til Noreg. Me vil konsentrere oss om innspel til det som handlar om språkopplæring for vaksne etter introduksjonsprogrammet og språkopplæring i grunnskulen.
Det er forståeleg at ein så spesiell situasjon som krigen i Ukraina krev fleksible tiltak slik at Noreg klarer å ta imot flest mogeleg, og at kommunane klarer å gje eit tilbod til dei som kjem.
Integreringsloven og opplæring i norsk
Regjeringa føreslår eit hurtigspor for flyktningane frå Ukraina, der målet er å få folk ut i arbeid så fort som råd, og der ein lempar på reglane og plikta til å delta i introduksjonsprogrammet.
Noregs Mållag ser at det er lurt å gjere mellombelse endringar i den situasjonen me er i no, men vil minne om at det er viktig å hugse på at dei som vert busette i nynorskkommunane framleis får nynorskundervisning. I fleire mindre kommunar lyt ein no starte oppatt vaksenopplæring, og då er det viktig at denne vert starta opp med nynorskopplæring i kommunane med nynorsk i grunnskolen.
Dette er viktig for god integrering i lokalsamfunna, men også for at dei skal kunne fungere i det lokale arbeidslivet. Sidan mange av dei fordrivne er kvinner og born, er det særleg viktig at kvinnene får opplæring i det språket borna skal ha på skulen, for å kunne hjelpe dei i størst mogeleg grad.
Det er særleg viktig å sørge for dette der opplæringa vert sett ut til friviljuge organisasjonar eller nettbaserte løysingar. At det finst nettbaserte løysingar for å lære norsk rakst for dei ukrainarane som kjem, vil vere ein stor fordel, men desse løysingane må tilby opplæring både på nynorsk og på bokmål. Det kan staten sørgje for gjennom ein medviten språkpolitikk ved innkjøp.
Det er svært viktig at born som kjem frå Ukraina no, kjem inn i vanleg skule så fort som mogeleg. Mange av desse borna skal bu i ein nynorskkommune, og vil difor få opplæring på nynorsk, og det er særleg viktig å hugse på når ein no i større grad kan sjå for seg fjernundervisning eller nettilbod for opplæring. I nynorskkommunar og nynorske skulekrinsar må dette skje på nynorsk.