Det er positivt at rammeplan både for norsk og samisk barnehagelærarutdanning vert revidert samstundes.
Vi har valt å gi tilbakemelding på dei fire områda som er framheva av rammeplangruppa sine vurderingar og konklusjonar.
1) Gjennomgåande tema
Dei fleste er samde med rammeplangruppa sitt forslag om å erstatte punktet i §1 i forskrifta om vektlegging av auka mangfald, auka del barn under tre år, fleire barn med særskilte behov og fleire fleirspråklege barn med at utdanninga skal vektlegge ei heilskapleg pedagogisk tilnærming til lek, omsorg, læring og danning. Vi meiner at det er positivt at omsorg igjen blir tatt med i rammeplan for barnehagelærerutdanning. Nokre har fremja eit forslag som kan gjere at alle kan vere nøgde:
Utdanningen skal ha en helhetlig pedagogisk tilnærming til lek, omsorg, læring og danning, som ivaretar mangfoldet i barnegruppa. På den måten meiner vi at dei yngste barna, fleirspråklege barn og barn med særskilte behov vi verte ivaretatt utan at dei vert eksplisitt nemnt her .
2) Pedagogikkens plass
Vi støttar forslaget om konsekvent å bruke omgrepet pedagogikkfaget der det er meint at det er oppgåver som skal ivaretakast av tilsette ved institusjonen sin pedagogikkseksjon.
Når det gjelder punktet om å fjerne kravet om at pedagogikk skal inn i alle kunnskapsområde er det delte meiningar.
Det sikrar at institusjonen kan samle pedagogikk slik at det vert føremålstenleg for den enkelte institusjon. Det er ikkje fornuftig å ha 1-4 studiepoeng pedagogikk i eit kunnskapsområde. Med så få studiepoeng vil det bli (er det) vanskeleg å prioritere kva som skal inngå. Det er bra at ein har tiltru til at institusjonane kan greie å forvalte dette på ein god måte.
Dersom kravet om at pedagogikk skal inngå i alle kunnskapsområde vert fjerna, må pedagogikkfaget bli studiepoengfesta på et minimumsnivå, og det bør gjerast tydeleg at pedagogikkfaget skal vere ein del av heile utdanninga, altså inngå i alle studieår eller semester.
3) Fleksibilitet i og mellom kunnskapsområde
Vi støttar forslaget om å fristille 20 studiepoeng. Dette gir oss høve til å skilje ut prosjekt og la dei stå som eigne emne, særleg når også kravet om minimum 15 studiepoengeining vert fjerna.
Knytt til dette forslaget vil vi også påpeike at det er positivt at det vert framheva at «Studiepoenggivende vurderingsenheter skal være tverrfaglige og bidra til sammenheng i fagstoffet og styrke målet om en utdanning som integrerer teori og praksis» og at « […]i pedagogikkfaget og praksis som to stolper som inngår i hele studieløpet og i fordypningen» (s. 42)
Nokre er bekymra fordi ein kan tenkje seg at det vil bli nye kampar om studiepoeng til dei ulike faga som inngår i utdanninga. Dei aller fleste av lærarutdanningsfaga fekk mindre studiepoeng i barnehagelærarautdanninga enn det dei hadde i førskulelærarautdanninga, og dei meiner at dei ligg på eit minimum i dag. Dersom denne endringa kjem, vil vi likevel kunne halde fram med modellen vår slik den er i dag, og derfor vil vi ha tid til å tenke lange tankar før vi eventuelt gjer ei endring, og det er mogeleg å gjere endringar utan at vi rokkerar for mykje på studiepoenga i dei enkelte faga.
4) Studiepoeng i fag på kandidatens vitnemål
Det er semje om at vi er positive til at det blir lov å syne studiepoenga i dei enkelte faga på vitnemålet til kandidatane.
Her tar vi med andre konkrete forslag som har kome til høyringsutkastet. Dette er ikkje drøfta i heile organisasjonen, men kjem frå enkelte einingar:
Ei eining ber om at forskrifta tar i bruk omgrepet «universell utforming», jf. Jf. likestillings- og diskrimineringslova kapitel 3. Det kan t.d. gjerast i §1, 5. eller 6. ledd eller i §2 i tilknyting til læringsutbyttebeskrivingar.
Ei eining ber om at læringsutbytte for generell kompetanse, om å formidle sentrale fagstoff munnleg og skrifteleg endrast til tekst som også ivaretek multimodal formidling.
Fleire einingar ber om at forskrifta også vert skrive på nynorsk, altså at fullstendig forskrift skal vere tilgjengeleg på begge målformer.
Fleire støttar rammeplangruppa sin konklusjon om at kunnskapsområde «Barns utvikling, leik og læring» ikkje vert fjerna.
Vi vel her å ta med studiepoengfestinga for pedagogikk. På vår institusjon har pedagogikk meir enn 45 studiepoeng, og ei eining er bekymra for at eit vedtak på minimum tal studiepoeng hadde blitt til eit maximumtal. For å unngå ein ny strid om tal på studiepoeng i dei enkelte faga er vi nøgd med at det ikkje står noko minimumstal, då eit minimumskrav ofte endar opp med å bli eit maximumskrav.