Høyringssvar frå Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus
Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus støttar forslaget om mellombels endring av forskrift om tuberkuloseundersøking.
Helse Bergen sin kapasitet for tuberkuloseundersøking er god, og føretaket kan handtere sin del av undersøkinga ne om Noreg får 30 000 flyktningar frå Ukraina i løpet av 2022. Ei endring av forskrift er såleis ikkje nødvendig for Helse Bergen sin del åleine.
Vår største bekymring er kapasitet for tildeling av D-nummer til flyktningar frå Ukraina i det dei kjem til landet. Manglande D-nummer vil kunne forseinke gjennomføringa av tuberkuloseundersøkingane ved at det gjev mykje meir manuelt arbeid. Helse Bergen har eit godt samarbeid med kommunane i sitt opptaksområde som tilseier at ein likevel, og i fellesskap, skal klare å gjennomføre screeninga raskt, og for dei som manglar D-nummer.
Ingrid Smith, assisterande fagdirektør, Forskings- og utviklingsavdelinga
Dorthea Hagen Oma, smittevernkoordinerande overlege, Forskings- og utviklingsavdelinga