I høyringsnotatet foreslår Barne- og familiedepartementet ei ny lov om forskriftsheimel for behandling av personopplysningar for å gjennomføre einskilde tiltak på barne-, oppvekst- og familieområdet.
I Norge har ein ikkje hatt ein lov som regulerer dette, og Øygarden kommune ønskjer velkomen ein slik lov. Vår erfaring er at regelverket om teieplikt, opplysingsrett og opplysingsplikt i kommunen ofte vert opplevd som komplisert, uklårt og vanskeleg å sette seg inn i, særleg etter implementering av GDPR.
Øygarden kommune har eit «Familie- og rettleingssenter». Dei tilsette har ulike profesjonar og ulike oppgåver og tilbodet om til dømes foreldrerettleiing og andre støttetilbod er friviljug. Vi har også tilsette som jobbar i tilskotsordningar. Vi har kjent eit behov for ei lov som regulerer behandling av personopplysingar ved gjennomføring av tiltak i Familie- og rettleingssenter der tiltak ikkje er forankra i lov. Tiltak i vår teneste varierer i høve til målgruppe, omfang og kva personopplysingar det er naudsynt å behandle. Det pågår også prossessar i kommunen med å utvikle eit ungdomsteam. Dette vil være eit tilbod som er omfatta av ulike tenester (eks. skuler, avdling for rus og psykisk helse, barnevern, helsestasjon og NAV) i tillegg til tilskotsordninga ungdomslos (BUFDIR). Her ser ein at det manglar klare og tydelige rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar.
Blant dei viktigaste konklusjonane i høyringsnotatet er etter Øygarden kommune si meining at det vert eit rettsleg grunnlag for å behandle personopplysingar og at tiltaket si behandling av personopplysingar vert regulert i forskrift . Det er også viktig at det i forskrift vert definert heilt konkret kven som er behandlingsansvarleg og databehandlar i forhold til dei enkelte tiltaka. I vår jobb for å freiste å tilfredsstille dei krav som personvernforordninga stiller m.a. formål med behandlinga, behandlingsansvar og dei ulike krav til den einskilde sine rettigheitar, har vi fått erfare kor utfordrande dette er. Ikkje minst når det gjeld behandlingsgrunnlaget og usikkerheita i om samtykke kan vere eit behandlingsgrunnlag som er godt nok.
Vår kommune har også eit forsterka helsestasjonstilbod «Trygg start». Dette tilbodet er sektorovergripande og også her ser vi eit behov for eit lovverk som kan vere til hjelp i det tverrsektorielle arbeidet i tillegg til helsepersonelloven og barnevernsloven.
Vi meiner det er svært viktig at personopplysningane som vert dokumentert berre er dei som er naudsynte og adekvate for det arbeidet som skal gjerast.
Dei som arbeider med tenestetilbodet rundt familiane har ulike behov for kva som skal dokumenterast. Sjølve formålet med arbeidet er avgjerande for om det skal dokumenterast og kva som er behov for å dokumentere.
Det er viktig at ein vurderer om det er mogeleg å utvikle digitale system der ein kan utveksle informasjon som er innanfor lov og forskrift. Det vil sikre at notater og papir ikkje flyt rundt men at data er sikra og at hjelparar og familiar/barn/ungodm er trygg på at det ein skriver er lagra på ein forsvarleg stad.
Det hastar med å få eit lovverk med tilhøyrande forskrifter på plass då det allereie blir gjort mykje godt arbeid som treng å dokumenterast. God dokumentasjon er kvalitetssikring. Det viktig for at brukarane skal få god hjelp og for at hjelparane skal kunne arbeide effektivt og grundig.
Øygarden kommune er fornøgd med at det er ein føresetnad at det vert utarbeidd forskrifter til det enkelte tiltaket og at desse vert sendt på alminneleg offentleg høyring.