🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til endringer i rettshjelpforskriften

Statsforvaltaren i Vestland

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Statsforvaltaren i Vestland støttar framlegget frå Justis- og beredskapsdepartementet om obligatorisk bruk av den elektroniske skjemaløysinga for advokatar og rettshjelparar. Dette er også i tråd med innspel frå tidlegare Fylkesmannen i Sogn og Fjordane , mellom anna i brev til departementet 10.04.2018.

Vi meiner at ei slik forskriftsendring vil vere ressurssparande både for embeta og brukarane av skjemaløysinga, sikre tryggare innsending av saker og auke kvaliteten på sakene som vert sendt inn. Når alle saker vert sendt inn elektronisk, vert det også mogleg å hente ut samla statistikk frå skjemaløysinga på ein enkel måte. Dette vil spare embeta for mykje arbeid når det gjeld rapportering på fagområdet, og gjer skjemaløysinga til eit godt styringsverktøy både for embeta, Statens sivilrettsforvaltning og Justis- og beredskapsdepartementet.

Elles støttar vi innhaldet i innspelet frå Statens sivilrettsforvaltning av 18.12.2021.