Høyring om forslag til endring av utgreiingsinstruksen
Medietilsynet viser til Finansdepartementets høyringsbrev av 1. oktober 2021 med forslag til endringar i utgreiingsinstruksen når det gjeld EØS-arbeid.
Medietilsynet er statens forvaltningsorgan på medieområdet. Det følger av samfunnsoppdraget for Medietilsynet at tilsynet skal medverke til å oppfylle dei overordna mediepolitiske måla om ytringsfridom og demokrati gjennom ein open og opplyst offentleg samtale, jf. Grunnlova § 100. Medietilsynet medverkar til å fremme dei mediepolitiske måla ved å legge til rette for mediemangfald og kritisk medieforståing i befolkninga.
Medietilsynet fører tilsyn etter kringkastingslova og bildeprogramlova. Desse lovene gjennomfører EU-direktivet om audiovisuelle medietenester, gjerne kalla AMT-direktivet. Kulturdepartementet kan som ein hovudregel ikkje instruere Medietilsynet i enkeltsaker eller gjere om vedtak frå Medietilsynet etter kringkastingslova og bildeprogramlova, men vedtaka kan påklagast til Medieklagenemnda, som er ei uavhengig klagenemnd.
Det reviderte AMT-direktivet av 2018, som blir ein del av EØS-avtalen og skal gjennomførast i norsk rett, legg stor vekt på at dei nasjonale reguleringsorgana skal vere funksjonelle og effektive uavhengige av sine respektive regjeringar og andre organ. Reguleringsorgana kan ikkje be om eller få instruks frå noko anna organ når dei gjer oppgåver etter nasjonal rett som gjennomfører direktivet.
Medietilsynet deltar aktivt i EU-arbeidet gjennom ERGA (European Regulators Group for Audiovisual Media Services, ei gruppe for uavhengige reguleringsorgan med medlemmer frå alle EØS-land, som har ansvar etter AMT-direktivet) og to ekspertgrupper som Europakommisjonen har etablert, ei om tryggare internett for barn og ei om kritisk medieforståing. Medietilsynet og tilsvarande organ i dei to andre i EØS/EFTA-landa har møte- og talerett, men ikkje røysterett i ERGA. Formålet med ERGA er erfaringsutveksling, å gi råd til Europakommisjonen og å utarbeide synspunkt i visse typar saker. Oppgåvene følger av AMT-direktivet. EU-kommisjonen er sekretariat for ERGA. Alle ERGA-medlemmene har inngått ein ikkje-bindande avtale om samarbeid mellom medlemmene. I denne avtalen ligg mekanismar for å løyse grenseoverskridande saker og tvistar om jurisdiksjon.
Gjennom arbeidet i ERGA deltar Medietilsynet i utgreiingsfasen for nytt regelverk i EU. Medietilsynet praktiserer dessutan vedtatt regelverk og deltar i samarbeid og utveksling av erfaringar om korleis regelverk blir praktisert.
Når det gjeld rapporten og forslaga frå arbeidsgruppa, har Medietilsynet særleg vurdert desse frå ståstaden til ein underliggande etat.
Det kjem fram i rapporten og i forslag til revidert instruks at arbeidsfordeling mellom departement og underliggande etat varierer frå departement til departement og mellom ulike politikkområde. Slik Medietilsynet ser det, er dette hensiktsmessig. Medietilsynet meiner likevel at det som hovudregel bør vere skriftlege rutinar for arbeidsdeling og informasjonsflyt mellom departement og kvar enkelt underliggande etat i EØS-arbeidet. Ein slik hovudregel kan bli tatt inn i utgreiingsinstruksen. Rutinane kan gjelde identifisering av nye initiativ, medverknad og innspel av norske posisjonar både før Kommisjonen fremmar forslag og etterpå, oppfølging i alle fasane nytt regelverk går gjennom i EU og EØS, gjennomføring i norsk rett, praktisering av norsk lovgiving som gjennomfører slikt regelverk, deltaking i saker for EFTA-domstolen og EU-domstolen og innhenting og deling av kunnskap om relevant rettspraksis. Dei skriftlege rutinane må tilpassast dei særlege forholda ved departement og underliggande etat og aktuelle regelverk som rutinane skal dekke. Ikkje minst er det viktig å få fram kva det har å seie dersom underliggande etat i heile eller delar av arbeidet skal vere uavhengig av departement eller styresmaktene elles.
Etter Medietilsynets vurdering kan slike rutinar gi betre forståing for arbeidsdeling og kunnskapsutveksling i departement og underliggande etat, auka medvit og redusert risiko for dobbeltarbeid eller at oppgåver fell mellom to stolar. Rutinane kan også gi nyttig rettleiing for underliggande etat i utgreiingsarbeid i EØS-saker.
I punkt 5.7 i utgreiingsinstruksen er det lagt opp til at ansvarleg departement skal følge med på relevant rettsutvikling i EFTA-domstolen og i EU-domstolen og sørge for nødvendige regelverks- og praksisendringar. I rettleiaren heiter det at dersom det er ein underliggande etat som har hovudansvaret for EØS-regelverket, skal departementet sørge for at den underliggande etaten informerer departementet om rettspraksis som gjer at regelverk eller praksis må endrast. Det kan vere på sin plass å minne om i rettleiaren at slik informasjonsutveksling skal gå begge vegar.
Denne høyringa gjeld særleg forslaga om endringar i utgreiingsinstruksen med rettleier. I tillegg er det i rapporten vurderingar av ulike tiltak for å betre kvaliteten på gjennomføringsregelverk i EØS og norsk nasjonal rett. Dette gjeld utforming av EØS-tilpassingar, omsetting til norsk språk, konsolidering av rettsakter og synleggjering av EØS-rett i norsk regelverk ved hjelp av EØS-markørar.
Medietilsynet meiner desse tiltaka kan lette EØS-arbeidet, ikkje minst i underliggande etatar. Tiltaka kan dessutan gjere det enklare for til dømes private aktørar å ta stilling til nytt regelverk i EU og EØS eller korleis det skal gjennomførast i norsk rett. Medietilsynet stør derfor tiltaka.