Til Kunnskapsdepartementet
Eg viser til høyringsbrevet frå departementet dagsett 26. august 2021 om framlegget til ny opplæringslov og endringar i friskulelova. Eg sender her nokre merknader til framlegget.
Merknadene mine gjeld føresegnene i lovframlegget om bokmål og nynorsk; dei to måla som etter framlegget framleis skal nemnast som både hovudmål og sidemål i grunnopplæringa og den vidaregåande opplæringa, dersom det i samanhengen ikkje høver å nemna dei just med namn, det vil seia som bokmål og nynorsk. At bokmål og nynorsk ikkje lenger skal vera 'målformer', men derimot 'skriftspråk', er vel greitt, endå dei au er å rekna som 'talespråk'.

Merknad 2
Framlegget til §§ 3-1 og 6-1 inneber at elevar som er omfatta av § 3-6 Særskild språkopplæring i grunnskolen og § 6-4 Særskild språkopplæring i den vidaregåande opplæringa , kan få fritak for opplæring i sidemål.
Eg er imot å føra vidare det generelle fritaket for elevane som er omfatta av §§ 3-6 og 6-4. Det er eit integreringstiltak å læra seg både bokmål og nynorsk. Det generelle fritaket omfattar i visse område så mange elevar at det går utover den generelle opplæringa i den språklege kulturen som omfattar både bokmål og nynorsk. Det gjer dessutan at fleire tilsette i det norske offentlege ikkje meistrar bokmål og nynorsk; ein føresetnad for krava som språklova set til verksemda hjå offentlege organ.

Merknad 3
Eg meiner at hovudmålet som eleven tek til med, i prinsippet bør fylgja eleven gjennom heile grunnopplæringa.