Alle læremiddel må tilbydast samstundes på nynorsk og bokmål. Det er ikkje greitt at ein gjerne må venta opp mot eitt år ekstra for å få læremiddel på nynorsk. Det må få økonomiske konsekvensar for eventuelle utgjevarar som ikkje følgjer dette pålegget, slik at det kostar meir enn det smakar å ikkje tilby læremiddel begge målformer frå starten av.