Pelagisk forening sitt HØYRINGSSVAR
Forskrift om SKYTE- OG ØVINGSFELT I SJØ
Pelagisk Forening viser til høyringsbrev 13.9.2021.
Pelagisk Forening er ein interesseorganisasjon for fiskebåtreiarlag. Medlemmane har havgåande fiskebåtar. De kan lesa meir om Pelagisk Forening på www.pelagisk.net
Pelagisk Forening er høyringsinnstans for ei rekke departement og direktorat. Likevel har me ikkje fått tilsendt høyringa, sjølv om det ville vore naturleg. For framtida ber me om å bli oppført som høyringsinstans for alle høyringar som kan ha verknad for norske fiskarar.
Pelagisk Forening har forståing for at Forsvaret sitt behov for skyteøvingar.
Samstundes vil auka nedlegging av skytefelt i sør, og auking av skytefelt i nord føra til auka øvingsaktivitet i nord. Det vil føra til større konflikar med fiskeri. Dette fordi det, av biologiske årsaker, er større fiskeriaktivitet i nord.
Me kan ikkje sjå at omsynet til fiskeria er nemnt i forskrifta. Det blir lagt opp til at omsynet til fiskeri skal ivaretakast i skytefeltinstruksar. Dette er diverre ikkje tilstrekkeleg.
Som eit minimum bør omsyn til fiskeri lovfestast, og fiskerinæringa må rådførast ved planlegging av skyteøvingar. For seismikkskyting er det ei ordning med fiskerikunnige om bord på seismikkfartøya. Ordninga er ikkje perfekt, men det bør likevel vurderast eit liknande ordning for skyteøvingar.
Pelagisk Forening vil spesielt påpeika at områda Halten I og II er område der det blir fiska etter vassild. Det er ikkje alternative fiskefelt. Det må difor ikkje vera skyteøvingar i fiskesesongen, som vanlegvis er i perioden mars til mai, men òg frå august tilnovember.
Områda Sørøya I og II er viktige felt for trål- og snurrevadfiske fiske etter torsk, sei og hyse.
Området er òg viktig for fiske etter lodde.
Pelagisk Forening er såleis uroa over forslaga, og meiner at forslaga vil kunne få store negative konsekvensar for fiskerinæringa. Ikkje berre for fiskarane, men òg for landindustrien.
Regelverket må òg utformast med tanke på at fiskeri er prisgitt naturlege biologiske tilhøve. Tilhøve som endrar seg over tid.