🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forskrift om skyte- og øvingsfelt i sjø

Øygarden kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
I tillegg til generelle merknader har Øygarden kommune kommentarer til to skyte- og øvingsfelt som ligg i sjøområda til Øygarden kommune i Vestland fylke, det eine i Korsfjorden og havområdet utanfor, det andre i Hjeltefjorden.

Vi har i utgangspunktet forståing for at Forsvaret må ha eigna skyte- og øvingsfelt for å vera trent og førebudd på dei oppgåvene Forsvaret har når det gjeld å ivareta tryggleiken i landet vårt. Dette er viktige og nødvendige nasjonale oppgåver. Samtidig forventar vi at når areal vert avsett til øvingsaktivitet, må dette gjerast ut frå ei totalvurdering opp mot andre samfunnsinteresser. Vi kan difor ikkje akseptera at skytefelta vert forvalta gjennom eiga forskrift med forankring i Sikkerhetsloven. Forvaltning av skytefelt må underleggjast same regelverk som for andre interessentar slik føresetnadene er i KMD sin veileder av mai 2020, pkt 6.4.16.

Under eiga forskrift for skyte- og øvingsfelt vil kommunen verta fråteken disposisjonsrett over eigne sjøområde, og dermed moglegheit til å tilretteleggje for næring og anna verksemd i store delar av sjøområda våre. Det ynskjer vi ikkje skal skje.

Sjøareal har eit svært stort potensiale for framtidig verdiskaping og sysselsetjing for mange ulike interessentar. Samtidig er sjøareal ein begrensa ressurs, og det er viktig å ha ei god og effektiv forvaltning av desse områda som ivaretar alle interesser. I forskriftsforslaget vert det lagt opp til at Forsvaret skal auka sitt arealbeslag frå dagens ca 27.000 kvadratkilometer til om lag 52.000 kvadratkilometer. Med aukande press på sjøområda synes vi ikkje at Forsvaret einsidig kan dobla sitt arealbeslag. Vi forventar at Forsvaret effektiviserer aktiviteten eller på annan måte reduserer sitt arealbeslag.

Forskrifta legg opp til at skytefelt vert definerte som forbodsområde. Dette inneber at det ikkje vil vera mogleg med utviding, nyetablering eller endringar i igangverande verksemd i desse områda. Det bør heller leggjast til rette for samdrift mellom øvingsaktivitet og anna verksemd i området i den grad dette let seg gjera.

Det vert og vist til moglegheit for å søkja unntak frå forskrifta, men vi tolkar høyringsnotatet slik at det vil vera umogleg å få godkjent etablering av nye permanente installasjoner, eller endring i dei som er tilstades idag. Dette betyr at igangverande verksemder ikkje kan ekspandere eller fornye seg i takt med ny teknologi, ny kunnskap eller nytt sektorlovverk, og det betyr nedleggjing eller flytting på sikt. Dette vil og vera økonomisk uheldig for kommunen.

Igangverande havbruksnæring er villig til å diskutera fleksible løysingar som ivaretar forsvaret sine interesser på ein god måte.

Skyte- og øvingsfelta i Korsfjorden og Hjeltefjorden eksisterar også i dag, men når det no er foreslått endring i antal og storleik på skytefelta, vil vi nytta høvet til å be om justeringar av dei nemnde felta og finna løysingar som ivaretar både Forsvaret og sjømatnæringane sine interesser.

I desse sjøområda føregår det idag matproduksjon i form av fiskeri og oppdrett av fisk, og områda er særs godt eigna til slik matproduksjon. Også eksisterande installasjonar og logistikk tilseier at det er viktig at desse områda også vert ivaretekne som næringsområder i framtida.

Øvingsaktivitet som føregår sporadisk, bør ikkje båndleggja gode matproduksjonsområde permanent. Det bør kunne leggjast til rette for sameksistens mellom havbruksaktivitet og Forsvaret sine behov for øvingsaktivitet der det er nødvendig at øving føregår i gode produksjonsområder.

Ellers forstår vi det slik at Forsvaret legg til grunn at skytefelta i Korsfjorden og Hjeltefjorden vert videareført på bakgrunn av felta sin nærleik til militære basar. Vi meiner at dette ikkje kan vera avgjerande for at det skal leggjast skytefelt i desse fjordområda, og vi kan ikke sjå at Forsvaret vil få noko mindre utbyte av si trening ved å plassera skytefelta lengre ute til havs og ikkje inne i fjordsystema. Også i eit miljøperspektiv vil vi påpeike at det er uheldig med utskyting og dermed støy og utslepp av lite miljøvenlege stoff i slike kystnære farvatn.

Begge desse område ligg også tett opp mot relativt tettbygde strok som er godt eigna og mykje brukt til rekreasjon og fritidsaktivitetar, og dette passar dårleg saman med skyte- og øvingsaktivitet.

Øygarden kommune ber på denne bakgrunn om at begge skytefelt i dette området må reduserast i utstrekning slik at dei ikkje omfattar område der det ligg havbruksinnstallasjonar i dag, og område på 200 meter rundt lokalitetar der utviding av oppdrettsanlegg er mogeleg.