🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Forslag om gjennomføring av tilleggsavtale om forsvarssamarbeid mellom Norge og ...

Halvard Tveit

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Forslag om ny baseavtale med USA - Høringssvar fra Halvard Tveit

Høringsuttalelse - Nei til den nye baseavtalen med USA (SDCA)

Eg vil med dette gjera det klart at Norge bør seia nei til ny og svært utvida baseavtale med USA.

Å gå inn i denne avtale vil auka krigsfaren og er ikkje i nasjonen Norge si interesse!

Det er no USA og NATO som i stor grad står for krigane i Verda. Norge braut diverre med ein god tradisjon som fredsbevarer med det skammelege og uriktige angrepet på Libya i 2011. Denne dårlege utviklinga vil fortsette dersom Norge i praksis vert omgjort til ein framskoten base for angrep mot Russland.

Det er ikkje eit slikt Norge dei fleste av oss vil ha og å vera stolt av!

Grunngjeving for å sei nei til denne avtalen:

USA har vore engasjert i om lag 30 krigar og krigsaktiveter etter den andre Verdskrigen. Lenge greidde USA å kommunisere dette som «rettferdige og riktige» krigar der godt stod mot vondt. Denne pynten er no heilt borte og det er reine økonomiske omsyn og maktpolitikk som styrer. Problemet til USA er at dei uansett vil måtte leve i ein verden med andre meir likestilte land. Men denne overgangen synes problematisk og vi får vel nokre ti-år med ufred framover mot ein «normalisering».

1) USA forsøker no med stor kraft å engasjere land mot «hovud-fiendar». Det har ikkje vore svært vellukka i Asia der fleste land er fokusert på velstand og fred. Eit nederlag for USA er at både «fiendar» og «venner» går no inn for fredeleg sameksistens. Eit eksempel er avtalen RCEP som no vil tre i kraft den 1.1.2022 ( T he Regional Comprehensive Economic Partnership trade agreeme nt) som omfattar 15 land - mellom anna Japan, Sør-Korea, Australia og China – altså både «venner» og «fiendar». Det er også gledeleg å lese om spennande og framtidsretta organisering som til dømes SCO ( Shanghai Cooperation Organization) som no tek eit stort ansvar i få Afghanistan retta opp etter 20 år med USA/NATO invasjon. Det er liten mengde god formidling av dette i Norske media.

2) Diverre har USA hatt meir «suksess» med å lage ufred i Europa og i Midt-Austen. Det er lett å nemne land som Afghanistan, Irak, Syria, Libya og Ukraina. Men det er vanskeleg å finne land der innbyggarar har fått eit betre liv etter desse krigane. Derimot har USA – eller rettare dei som styrer og arbeider innan krigsindustrien - tent på krigane. USA er godt beskytta av to hav og vennlegsinna militært svake land. Men dei ser ikkje ut til å forstå at dette ikkje trenger å gjelde i nye konfliktar.

3) Litt kynisk har vel Norge nytt godt av denne ordninga – akkurat som ein skulegut som søker «vennskap» med bølla i klassen for ikkje sjølv å få tyn. Problemet no er at politikken til USA har nådd ei grense – og Russland er både økonomisk og militært i stand til å sette «ein rød strek». Ein kan ha fleire syn på dette – men med litt kjennskap til den triste historia til Russland bør ein vel erkjenne at det finnes ei grense. Akkurat dette punktet er no svært aktuelt.

4) USA er no finansiert ved penge-lån og trykking av pengar. Akkurat no er statsgjelda passert 29 billionar USD – og er vel uråd å betale attende. Slik trykking av pengar er i praksis å «låne» frå kommande generasjonar samt å plyndre pensjonistar og småspararar. Det er også desse pengane som har mogleg gjort alle krigane til USA og NATO dei siste 30 åra. I tillegg har måten som dette er gjort på medført ein aukande forskjellar i det amerikanske samfunnet som skaper sosiale problem. Ein ser allereie no konturane at eit splitta samfunn med enorme forskjellar i levekår.

5) Det er lett å sjå kvifor USA svært gjerne vil ha militære baser som forslaget som no er til høring. Norge er eit om lag perfekt land for slike militær baser sett frå USA side. Vi har grense til Russland, Norge er sjølvaste Fredspris-landet og vi har verdens største pengesekk som kan komme godt med. Ein utplassert USA soldat kostar om lag 1 Million USD pr år – og når økonomien havarerer vil det koma krav om stønad til den «beskyttelsen» vi har bedt om.

6) Verdssamfunnet vil framover ha svært store utfordringar på fleire høve. Det er nok å nemne miljø, energi og matforsyning. Vi skal absolutt ha eit godt militært forsvar – men den aggressive auke som ligg i forslaget representerer ein både feilslått og feilprioritert bruk av ressursar.

Dersom dette forslaget om endra basepolitikk går gjennom vil Norge komme på feil side av historia.