Det er over 70 år sidan Noreg gjekk med i NATO. Til no har NATO vore eit organ som totalt sett har gjeve Noreg tryggleik godt tilhøve til vår nabo i aust, Russland.
I dei seinare åra har den balan serte tonen mellom NATO og Russland vorte avløyst av aggressive påstandar og uttalar. No er det kome dit at krigsmaskineriet frå begge sider står nærare kvarandre enn nokonsinne, særleg i Svartehavsområdet.
Då vi gjekk med i NATO var det ein klar føresetnad at så lenge Noreg ikkje var angripen eller trua med angrep, skulle det ikkje tillatast at andre statar skulle ha basar på norske jord.
Denne grunnføresetnaden held no på å verta broten. Eg meiner at avtalen signert mellom USA og NOreg 16. april i år ikkje må gjennomførast. Avtalen inneheld einigheit om at USA har tilgang til 3 norske flybasar og ein orlogsbase. Eg kan ikkje skjøna anna enn at dette må vera i mot vår eige grunnlov.
Eg meiner at Noreg må stansa gjennomføringa av tilleggsavtalen mellom USA og Noreg.
I tillegg bør vi gjera ein gjennomgang av fundamentet for NATO, slik at vi kan vera sikre på at dette viktige organet samsvarar med Noreg sine behov for tryggleik framover.