🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Forslag om gjennomføring av tilleggsavtale om forsvarssamarbeid mellom Norge og ...

Kristoffer Foldøy

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
At eit forslag om amerikansk tilgang til basar på norsk jord i det heile teke kjem opp, må vera grunna i oppfatninga om at dette skal skapa ei tryggare framtid for oss. Eg oppfattar at dette forslaget fungerer heilt omvendt. Desse basane vil i ein eventuell militær konflikt vera dei første mål å slå ut og slik gjera delar av landet vårt til ein krigsarena utanfor vår kontroll, same kva oppfatning den norske regjeringa ville ha av konflikten. Vi gjev frå oss råderetten over delar av landet vårt som kan få fatale følgjer. Ja visst har vi ein stor og eigenrådig nabo i aust som har hatt konfliktar gåande og som har det framleis. Men tilhøvet mellom våre to land har vore basert på handel i nord og på tillit og avtalar som har fungert i lange tider bakover. Dette har vi levd godt med, og mitt håp er at vi kan gjera det i framtida også. På den andre sida har den presidentperioden som slutta i fjor vist oss at vår allierte i vest slett ikkje er den trygge bautaen mange satsa på. Kven veit kva slags utanrikspolitikk som blir ført frå det kvite huset om fire eller åtte år? Forsvaret av landet vårt skal vera der for å gjera oss trygge. Med utanlandsk baseutbygging innafor våre grenser skjer det motsette.

Mvh Kristoffer Foldøy