🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Endringer i lov om hundehold - Hundeloven

964 951 640

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar til ny hundelov

Dette høyringsinnspelet kjem frå Nesbyen kommune, men problemstillingane er langt på veg dei same i heile Hallingdal. Kommunane har difor samarbeidd om innspel til høyring av framlegg til ny hundelov. Svaret på høyringa fokuserer på dei paragrafane der kommunane har innspel. Dei paragrafane kommunane ikkje har synspunkt på, let me vera å nemne.

Hallingdal er ein region med mykje turisme, både hytteturisme og andre tilreisande. Frå å ha vore fyrst og fremst ein vinterdestinasjon, er regionen no ein heilårsdestinasjon. For å utnytte kapasiteten for so vel handels- som overnattingsverksemder er det eit uttalt mål å fremje sommarturisme. Samstundes blir det drive aktivt landbruk i regionen. Mykje av landbruksproduksjonen er tufta på beitebruk sommarhalvåret.

Tal frå organisert beitebruk syner at det i 2020 vart sleppt meir enn 57 000 småfe og 1 300 hest og storfe på utmarksbeite i regionen. I delar av regionen er det dessutan tamreindrift.

Beitebruken utgjer store verdiar. Det aller meste av utmarka i Hallingdal er knytt til lokale gardsbruk og dermed i privat eige. Frå gamalt kviler det beiterett på all utmark og husdyrhaldet er heilt avhengig av dei fruktbare utmarksbeita. Ved å nytte utmarka til beite, skapar ein menneskemat av ein ressurs som elles ikkje hadde vore tilgjengeleg.

Generelt om arbeidet med ny hundelov og høyringsnotatet

Hunden har mange funksjonar som er til stor nytte for samfunnet i tillegg til at hunden er til uvurderleg glede for mange hundeigarar og andre. Hundelova er eit viktig verktøy for å sikre godt hundehald samstundes som ho skal sikre god dyrevelferd for alle slags dyr. Lovverket må balanserast på ein slik måte at konfliktar knytt til hundehald blir so små som råd. Til det treng me ei praktisk hundelov som er føreseieleg og tydeleg. Det er difor bra at departementet presenterer denne grundige gjennomgangen av dagens lovverk.

Departementet grunngjev lovendringa med eit behov for å styrke hundar og hundeeigarar sin rettstryggleik og styrke dei dyrevernsmessige aspekta i hundelova. I kapittelet som oppsummerer hovudinnhaldet i høyringsnotatet står det at hundehald har eit klart sikkerheitsmessig aspekt, men det er viktig at dyrevelferd og dyr sin eigenverd blir teke vare på.

Ein hund har eigenverdi. Det er imidlertid svært viktig å ha med seg i arbeidet at det ikkje gjeld berre hunden. Dyrevelferdlova omfattar velferda til pattedyr, fuglar, krypdyr, amfibier, fisk, tifotkreps, blekksprut og honningbier. Dyrevelferdlova § 3 slår fast at Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger. Det betyr at sau, rådyr, rypekyllingar og andre levande skapningar ogso har eigenverdi og krav på vern mot ‘unødige påkjenninger og belastninger’. Hunden har eigenverdi på linje med andre dyr, ikkje over. Det er korkje fruktbart eller etisk forsvarleg å gradere ulike dyr sin eigenverdi.

I høyringsnotatet kan det verke som om departementet har sett seg blind på ein del hundeeigarar sine interesser, og at beitedyr og næringsinteressene knytt til beitebruk langt på veg er bortgløymde. Det er ei kjensgjerning at mange husdyr på beite blir skamfarne av hundar kvart år. Nesbyen kommune merkar seg at høyringsnotatet ikkje inneheld nokon tal, og lite vurderingar, rundt husdyr og rein som blir jaga, skadd og drepne av hund. Dessverre er det eit høgst relevant problem mange stader i landet. Dette er difor ein vesentleg mangel ved høyringsnotatet.

Nesbyen kommune vil åtvare mot å laga ei hundelov som legg opp til at hundar skal få utøve naturleg åtferd på kostnad av andre levande skapningar sin rett til vern.

Bokstav c. gjeld husdyr og kva husdyr omfattar

Med husdyr skal ein i denne lova forstå storfe, sau, geit, hest, gris, fjørkre og andre produksjonsdyr. Tamrein er ikkje nemnt spesifikt, men me forventar at tamrein går inn under ‘ andre produksjonsdyr ’.

Bokstav e. gjeld kva som er betydeleg skade på husdyr, hundar og andre dyr

Hendingar me ikkje finn omtala i høyringsnotatet, er småfe som spring på vatn og druknar, eller spring til dei blir sprengde og døyr av skadane i ettertid. Det kan skje utan at hunden har vore i fysisk kontakt med dyra, men er ei opplagt følgje av at dyra blir jaga. Ein annan type skade som kan sjå bagatellmessig ut, men som øydelegg dyret som produksjonsdyr, er tilfelle der hunden skadar spenane på eit mordyr. For ei mjølkekyr vil ein øydelagt spene som regel innebera naudslakt.

Lista over ‘betydelig skade’ må omfatte situasjonar som dei som er nemnde ovanfor.

§ 6 Sikring av hund ved båndtvang m.m

Framlegg til nytt fyrsteavsnitt i § 6 lyder:

I tiden fra og med 1. april til og med 20. august skal en hund bli holdt i bånd eller forsvarlig inngjerdet eller innestengt, slik at ikke den kan jage eller skade husdyr, tamrein eller viltlevende dyr og deres reir, bo eller hi.

Nesbyen kommune vil fyrst ta tak i omgrepet ‘båndtvang’. Med rette skriv departementet at hundehaldaren er den som står nærmast til å styrke førebygginga av uynskte hendingar i hundehaldet. Framlegget til ny § 3a stiller til dømes krav til hundehaldaren sin kompetanse om hald og trening av hund. Med bakgrunn i større fokus på hundehaldaren og hundehaldaren sitt ansvar, føreslår me at omgrepet ‘båndtvang’ blir bytt ut med ‘båndplikt’. På den måten synleggjer ein at det å ha hunden i band i gjevne situasjonar og til fastsette tider av året ikkje er ‘tvang’ påført frå lovgjevar, men ei lovpålagt ‘plikt’ som følgjer med det å vera hundehaldar. Med ei slik endring i omgrepsbruken vil § 6 i større grad samsvara med lovgjevar sitt fokus i førearbeida til lovendringa.

Nesbyen kommune føreslår at lovgjevar vurderer å endre endrar omgrepet ‘båndtvang’ til ‘båndplikt’ fordi det signaliserer at det å ha hunden i band i samsvar med vedteken lov og lokale forskifter er ei ibuande plikt som følgjer det å ha ansvaret for hundar.

Presisering av ‘bånd’

Mange hundeeigarar brukar sokalla langline i staden for vanleg band på hunden. Det hindrar hunden i å springe langt frå eigaren, og eigaren har etter lova dermed kontroll på hunden. Kravet om å ha hunden i band er oppfylt etter dagens lovtekst.

I Hallingdal er det mykje snaufjell. Det seier seg sjølv at dei fleste fugleartane i fjellområda byggjer reira sine på bakken. Før dei blir flygedyktige, vil rypekyllingar og andre fugleungar myldre rundt utan mogelegheit til å koma seg unna ein hund. Slik me ser det, er ikkje langline på inntil 15 meter god nok sikring i perioden før fugleungane blir flygedyktige. Ei presisering som tydeleggjer kor langt eit ‘bånd’ kan vera vil trygge sårbare dyre- og fugleungar på bakken slik at dei ikkje blir utsett for unødige påkjenningar og belastningar, jf. dyrevelferdlova § 3.

Med omsyn til sårbare dyr- og fugleungar på bakken føreslår Nesbyen kommune at det må vera krav om at bandet ikkje er lenger enn 2 meter fram til ein viss dato. Ved fastsetjing av dato må lovgjevar ta høgde for at yngeltida varierer med høgda over havet.

Røynsle gjer at Nesbyen kommune òg stiller spørsmål ved om ei langline utan sikring i til dømes magebelte er godt nok i område med mange husdyr eller stor vilttettleik. I ein situasjon der hunden startar jaging av vilt eller husdyr, vil ein stor hund etter 15 meter allereie ha so stor fart at det er stor sjanse for at hundeeigaren glepp taket eller at lina/koplinga/hempa ryk.

Ordinær bandtvang av omsyn til husdyr

I Hallingdal er problemet med husdyr som blir skadde og drepne av hund aukande. Det skjer trass i at kommunane driv eit svært aktivt arbeid med å informere om generell bandtvang og lokalt utvida bandtvangstid. Kommunane i regionen informerer med plakatar på mange utfartsstader, på fjesboka, på lokale hyttemøte, i lokalavisa og i hyttemagasinet for regionen, samt at fleire av kommunane er med på å finansiere utmarksoppsyn. Trass innsatsen veks problemet. Det kan sjå ut som ein del tilreisande hundeeigarar ikkje tek inn over seg at dei kjem til eit distrikt med aktiv beitebruk.

I høyringsnotatet står det at det er om lag 560 000 hundar i Noreg. Fleirtalet blir eigde av ansvarlege hundeeigarar. Me opplever imidlertid at for mange hundeeigarar ikkje tek inn over seg at deira hund òg i botn er eit rovdyr med rovdyret sine instinkt. Det resulterer i urealistisk eller overdriven tru på eiga makt over hunden. Nokon har kanskje full kontroll, men denne naive trua på eigen hund er dessverre òg årsak til både skadar og drap på andre dyr.

Hund som jagar husdyr påfører dyra som blir jaga stor belastning, og fører i mange tilfelle til at dyret daudar eller blir so skada at det må avlivast av dyrevernsmessige omsyn. Like eins er det eit problem at kalv eller lam blir skilde frå mordyret. Båe delar er opplagte brot på lov om dyrevelferd. Slike episodar fører til svært utrivelege situasjonar og tilspissa frontar mellom beitebrukar/dyreeigar og hundeeigar.

Nesbyen kommune har dei siste åra lagt ned mykje arbeid i å leggje til rette for aktivitetar som sykling og turgåing. Det blir bygd sykkelløyper og merka turstigar. Vinterstid blir det køyrt opp milevis med langrennsløyper. I og med at det aller meste av utmarka er i privat eige, må kommunane innhente løyve frå grunneigarane før dei kan gå i gang med tilrettelegging og merking. For mange uhell, og det at ein del hundeigarar mot betre vitande ser bort frå reglane om bandtvang, fører til at grunneigarar avslår kommunane sin førespurnad om til dømes merking av turstig over eigedomen. Årsaka er ynsket om å unngå meir trafikk og dermed fleire hundar i beiteområdet. Mange husdyreigarar har dessverre erfart at dersom det skjer ei hending med hund som jagar husdyr er ho eller han bortimot rettslause. Anten melder ikkje hundeeigar ifrå, eller so legg politiet bort saka.

Aukande konfliktnivå mellom beitebrukarar og hundeeigarar er eit trugsmål mot kommunane sitt arbeid med tilrettelegging for ålment friluftsliv. Det er dermed veldig uheldig for alle som likar å tilbringe fritida i skog og mark. Det er verdt å merke seg at det òg er mange hundeeigarar som synest det er belastande å møte andre sine hundar når dei ikkje er i band.

Det er svært viktig at den nye hundelova får eit innhald og formuleringar som gjer at alle partar kjenner seg ivaretekne. For å kunne halde fram sambruk av utmarka er det heilt avgjerande at framtidig hundelov i størst mogeleg grad førebyggjer og avvergar at hund får sjanse til å jaga husdyr. Dersom slike hendingar likevel skjer, må det vera sanksjonsmogelegheiter, og det må følgast opp av rettsvesenet.

I følgjebrevet til høyringsnotatet spør Landbruks- og matdepartementet spesielt etter innspel på kommunane sitt høve til å fastsetje utvida bandtvang. I Hallingdal har alle kommunane lokale forskrifter heimla i hundelova § 6 mfl. Samnemnaren er utvida bandtvang lenger enn 20. august av omsyn til husdyr på beite, og bandtvang i maskinpreparerte skiløyper av omsyn til menneske.

Departementet sit høyringsnotatet lanserer to alternativ – anten ei vidareføring av dagens reglar følgd av tydeleg rettleiing til kommunane, eller at kommunane sine forskrifter om bandtvang fastsett i medhald av § 6, bokstav c, d, og e skal godkjennast av statsforvaltaren.

Nesbyen kommune er ikkje i tvil kva alternativ me fell ned på. I tråd med prinsippet om kommunalt sjølvstyre må kommunane framleis ha overordna mynde til å fastsetje lokale forskrifter heimla i hundelova . Dette er definitivt ei sak der uttrykket d en veit best kor skoen trykkjer , som har han på , høver.

Som turistregion er Hallingdal i den situasjonen at folketalet både doblar og tredoblar seg periodar av året. Dei fleste som kjem til Hallingdal ynsker å bruke den flotte naturen vår. Til tider kan det medføre mykje folk i skiløyper og turstigar. For at sambruken mellom alle brukargrupper skal gå mest mogeleg knirkefritt, er det viktig for oss å kunne styre når og kor det etter ei samla vurdering må vera krav om at hundar skal vera i band. Då er det nettopp lokalkunnskap om beitetid og beiteområda, samt røynsle med hundar i skiløypene som dannar grunnlaget for ei lokal forskrift som gagnar fleirtalet av brukarane. Gode lokale forskrifter kan dempe konfliktar ulike brukargrupper imellom.

Det er viktig at kommunane kan laga forskrifter som både er enkle å forstå og handheve. Dersom forskriftene blir altfor detaljerte blir det fyrst og fremst forvirrande for so vel brukarar som forvaltning. Det gjev lita meining at ein instans langt unna og utan kunnskap om lokale tilhøve skal kunne overprøve lokalpolitikarane sitt skjønn i ei slik sak.

Nesbyen kommune rår sterkt ifrå å gje Statsforvaltaren godkjenningsmynde over lokale forskrifter. Det er i strid med nærleiksprinsippet å flytte ei avgjer som skal vera tufta på lokale behov og lokal kunnskap til eit overordna organ.

§ 8 Særlig om hundedressur, jakt og fangst

I dag lyder paragraf § 8 slik:

Jakthundtrening, jakthundprøver og dressur kan bare foregå med samtykke av grunneieren eller den som har en allmenn bruksrett til eiendommen. For statsallmenningene gis samtykke av fjellstyret.

I framlegget til endring vil departementet endre ordlyden slik at det berre er organisert jakthundtrening som krev samtykke frå grunneigar. Det betyr med andre ord at det er fritt fram å drive jakthundtrening på privat eigedom utan samtykke so lenge aktiviteten er uorganisert.

Etter vårt syn vil ei slik endring av ordlyden i hundelova undergrava den private eigedomsretten. Allemannsretten i friluftslova gjev alle rett til å ferdast fritt til fots og på ski, raste og overnatte, ri eller sykle på stigar og vegar, bade, padle, ro og bruke seglbåt, plukke bær, sopp og blomar og fiske fritt etter saltvassfisk. D et er ein vesentleg skilnad på å gå tur med hunden i band, og å drive trening av jakthund. Etter vårt syn går skilnaden mellom å gå tur med hund i tråd med allemannsretten, og trening av jakthund, når hunden blir sleppt laus eller ved bruk av langline der den som fører hunden tydeleg trenar på innkalling, stand og dressur. Det er grunneigaren eller den som har ålmenn bruksrett som har ansvar for forsvarleg forvaltning av eigedomen. Mogelegheit til å styre over eigedomen er ein føresetnad for å kunne stå til ansvar for eigedomen.

Etter vår oppfatning vil ikkje det å endre ordlyden i lova ved å leggje til ordet ‘organisert’ gjera lova tydelegare, snarare tvert imot. Kva skal til for at jakthundtreninga skal oppfattast som ‘organisert’? Er det organisert dersom to eller ti personar meir eller mindre tilfeldig møtast i fjellet for å trene fuglehundane sine på privat eigedom?

Det verdt å nemne at utleige av jakt gjev ei kjærkomen tilleggsinntekt for mange landbrukseigedomar. I ei tid då det kan vera vanskeleg å få endane til å møtast med vanleg landbruksdrift er dette ei viktig inntekt for mange. Prisnivået speglar at leigetakaren har ein eksklusiv rett til å bruke terrenget. Ålmenn tilgang til å trene jakthundar på terrenget forringar verdien for leigetakaren.

Det er òg verdt å nemne det stresset det kan medføre for viltet dersom uorganisert jakthundtrening og jakt fell saman i tid og rom. I eit distrikt med mange fritidsbustader slik tilfellet er i Hallingdal, er det absolutt ei reell mogelegheit for at det kan skje.

Uansett ordlyd i paragrafen er det opplagt at brot på lova må sanksjonerast.

Kommunane i Hallingdal vil på det sterkaste rå ifrå å svekke grunneigarretten ved å opne for ålmenn tilgang til å drive jakthundtrening på privat eigedom utan eigaren sitt samtykke.

§ 9 Unntak fra sikringsreglene

Det er opplagt at hundar dresserte til å gjera ein jobb i reindriftsnæringa og med husdyr skal ha unntak frå sikringsreglane. Det er like opplagt at hundar i aktiv teneste for politi, tollvesen, militæret og redningstenesta, samt ettersøkshundar skal vera unnatekne. Innanfor jakttida på dei ulike artane skal hundar spesialiserte til jakt på desse artane, samt gjennomføring av jaktprøver vera unnateke sikringsreglane. Kommunane legg til grunn at gjetarhundar kjem inn under bokstav b eller f sjølv om det ikkje er spesifisert. Kadaverhundar forventar me at ligg i bokstav d eller f.

Kommunane i Hallingdal er sterkt kritiske til dei følgjene ei eventuell innføring av ordet ‘organisert’ i § 8 fyrste ledd får med tanke på kva hundar som får unnatak frå sikringsreglane i § 9. Det inneber at kven som helst kan drive jakthundtrening med laus hund på privat eigedom utan grunneigar sitt samtykke. Etter vår meining er det heilt uhaldbart og eit alvorleg inngrep i grunneigarretten.

§ 18 a Avliving eller omplassering av en hund etter angrep eller skade på tamrein, husdyr, hjortevilt eller andre hunder

I praksis er det svært sjeldan at hundar som går til angrep på husdyr blir avliva etter dagens lovtekst. Med framlegget til ny § 18 a framstår avliving som bortimot umogeleg i framtida sjølv om hunden forårsakar store lidingar på andre dyr.

Departementet kan ikkje sjå bort frå den smerta og redsla eit dyr som blir jaga av hund opplever. Det er ‘unødig’ og eit grovt brot med dyrevelferdlova å heve terskelen for avliving av hundar som gjer slik skade. I høyringsnotatet peikar departementet på at dersom hendinga har karakter av å vera ei eingongshending skal avliving ikkje skje. Etter vårt syn er det å gje hund og hundeeigar stadig nye sjansar eit brot med dyrevelferdslova der det står at dyr skal beskyttast mot fare for unødige påkjenningar og belastningar.

I framlegget til ny hundelov er det ført opp fem moment som skal leggjast særleg vekt på før politiet kan vedta å avlive ein hund som har jaga og skada tamrein, husdyr eller hjortevilt. Punkta skal vurderast for å fastslå om tiltaket er ‘forholdsmessig ‘ eller ikkje.

a. hvilken fare som har vært tilstede,

b. omfang og type av påført skade, jf. § 2 bokstav e,

c. den risiko hunden og hundeholdet kan antas å medføre i fremtiden,

d. hundens nytteverdi og

e. om det finnes andre tiltak som kan forebygge fremtidig risiko

Nesbyen kommune har følgjande merknad til vurderingskriteria:

a. Dersom ei sak kjem til politiet fordi ein hund har jaga tamrein, husdyr eller hjortevilt og ført til skade som definert i endringsframlegget § 2 bokstav e er det opplagt at det har vore fare til stades.

b. ‘Betydelig skade’ er definert i § 2 bokstav e. Ein hund som har gjort betydeleg skade på tamrein, husdyr eller hjortevilt bør, som ordlyden i noverande hundelov § 18 fjerde ledd bokstav c, normalt avlivast. Me er kjende med at dette ikkje lenger er praksis.

c. Slik me les høyringsnotatet er spørsmålet om avliving eit spørsmål om hunden har ein høgare risiko for å jaga andre dyr enn ein normal hund. Etter vårt syn har ein hund som har jaga og skadd tamrein, husdyr, hjortevilt eller andre hundar vist korleis han reagerer på andre dyr i ein situasjon der han får mogelegheit til å jaga. Like eins har eigaren vist anten ansvarsløyse, eller at uhell kan skje. I mange tilfelle der hund jagar andre dyr er det ofte ein glidande overgang mellom ansvarsløyse og uhell.

d. Me kan ikkje sjå at det går fram av høyringsnotatet kva som ligg i ‘nytteverdi’ ut over at det ikkje blir lagt økonomisk verdi til grunn. Difor legg me til grunn at nytteverdi i denne samanhengen gjeld spesialhundar (servicehundar, førarhundar, gjetarhundar, lavinehundar o.l. ). Terskelen for nytteverdi må liggje høgare enn vanlege jakthundar og familiehundar.

e. I høyringsnotatet står det at det kan vera aktuelt å påleggje ein hundehaldar som har ein hund som har jaga sau at hunden skal gjennomgå saueaversjonstrening og få dokumentasjon på at treninga er bestått. Til det ynsker me å tilføye at saueaversjonstrening kan verke bra på ein del hundar, men på langt nær alle. I tilfelle der rasen eller individet ikkje er mottakeleg for slik trening, vil slik dokumentasjon skapa falsk tryggleik.

Omplassering av ein hund som i gjevne situasjonar jagar, skadar eller drep andre dyr kan føre til at ein berre flyttar problemet.

Avliving er eit drastisk verkemiddel. Likevel meiner me det er rett i tilfelle der ein hund har påført tamrein, husdyr eller hjortevilt betydeleg skade. Det er to hovudårsaker til det:

1. Individet har synt korleis han reagerer på tamrein, husdyr eller hjortevilt dersom han kjem laus. Avliving førebyggjer dermed at det same kan skje igjen.

2. Klare reglar, og vissa om at avliving er resultatet dersom hunden påfører dei nemnde dyregruppene betydeleg skade, vil i seg sjølv vera skadeførebyggjande. Det vil føre til at fleire hundeeigarar tek ansvar og bandtvangsreglar på alvor. Ei innstramming i verkemiddelbruken vil verke ålmennpreventivt .

Færre skadar på tamrein, husdyr eller hjortevilt, og med det færre konfliktar mellom hundeeigarar og grunneigarar/beitebrukarar, vil gagne alle – ogso hundeeigarar. Me har liten tru på at lovgjevar sitt ynske om at hundeeigarar skal skaffe seg kompetanse (jf. framlegg til § 3 a) vil ha like god verknad.

Etter vårt syn er det svært viktig at terskelen for å avlive hundar som gjer skade på tamrein, husdyr eller hjortevilt ikkje blir høgare enn i dag. Skadar forårsaka av hund er eit trugsmål mot landbruksnæringa i regionen vår. Me opplever til dels stor frustrasjon blant husdyreigarar over at omfanget av skadar forårsaka av hund aukar utan at lovgjevar og ordensmakt tek problemet på tilstrekkeleg alvor. Ny hundelov må dempe konfliktnivået, ikkje hevar det.

Nesbyen kommune forstår nytteverdien av hundehald og vil vera med på å leggje til rette for at ansvarlege hundehaldarar kan la hundane sine utøve naturleg åtferd.

Kommunane pliktar imidlertid ta vare på alle brukargrupper. Vedtektene i hundelova må balansere omsynet til beitenæringa, grunneigarane, fastbuande og tilreisande, både med og utan hund. Dersom kommunane i rimeleg grad skal kunne greie det, må det vera lovfesta reglar som nødvendigvis avgrensar hundar si livsutfolding i delar av året, og i område av kommunen. Kommunen treng heimel og fridom til å vedta lokale forskrifter ut frå dei problemstillingane som finst i kommunen og regionen.

Like eins er det naudsynt at hundelova heimlar, og ordensmakta praktiserer, sanksjonsmogelegheitene i lova i tilfelle der lova blir broten. Det gjeld òg avliving av hundar som jagar, skadar eller drep tamrein, husdyr og hjortevilt. Slik me ser det, er det avgjerande for framtida at ny hundelov òg tek omsyn til beitebrukarane sine interesser. På lang sikt er dette einaste farbare vegen dersom hundeeigarar, grunneigarar og beitebrukarar i minnelegheit skal kunne bruke same areala i ein turistregion som vår.