🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – forslag til forskrift om signatur i domstolene mv.

Gulating lagmannsrett

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høringssvar til forskrift om signatur i domstolane

Justisdepartementet foreslår i høyringsnotatet å vedta ei eiga forskrift om signatur i domstolane som skal tre i kraft når lov av 4. juni 2021 nr 55 om endringar i domstollova mv trer i kraft frå 01 12 21. Bakgrunnen er at §§ 7,8,10,11, 12 og 12 a i den midlertidige lova vert oppheva frå det tidspunktet endringslova trer i kraft.

Høyringsfristen er 12 11 21.

Gulating lagmannsrett er samd i at det er eit permanent behov for dei reglane som er foreslått i forskrifta.

Sjølv om e-signaturløysinga har heimel i domstollova § 197 a, er me samde i at det av pedagogiske og regeltekniske grunnar bør takast inn ein tilsvarande regel i forskrifta.

Gulating lagmannsrett syner til tidlegare høyringssvar der me har sagt oss samde i at det er behov for eit bildealternativ tilsvarande det som er teke inn i den midlertidige lova § 7 andre ledd. Me er óg samde i den løysinga som no er foreslått og som går ut på at bildeløysinga kan nyttast når andre signeringsløysingar ikkje er tilgjengelege eller hensiktsmessige å bruka. Dette gjer ei fleksibel løysing som særleg er praktisk i samband med rettsmeklingar.

Departementet foreslår óg å vidareføra det såkalla fullmaktalternativet i den midlertidige lova § 8. Gulating lagmannsrett er samd i at ei slik ordning kan bidra til effektivisering og forenkling. Me er ikkje usamde i at det er fornuftig å regelfesta eit krav om dokumentasjon for at det er gjeve fullmakt, men ser for oss ei rekke praktiske utfordringar med den løysinga departementet foreslår. Det er viktig å finna ei ordning som vil fungera og er mogleg å nytta i praksis. Ei slik løysing kan vera at den som har fått fullmakt gjer greie for korleis dei andre har gjeve si godkjenning i sjølve stadfestinga. Til dømes at det er gjort pr e-post eller munnleg i ein videokonferanse.

Gulating lagmannsrett er samd i at § 10 andre ledd i den midlertidige lova vert vidareført i forskrifta § 5 andre ledd. Når det gjeld kravet om skriftleg dokumentasjon, syner me til kommentarane til § 4.

Gulating lagmannsrett