Nei til forslag om regulering av konverteringsterapi.
I høyringsnotatet, altså,lovforslaget, vert det innrømt at omfang og forskning på "konverteringsterapi" i Norge er begrensa og mangelfull. I tillegg til det er sjølve definisjonen på omgrepet "konverteringsterapi" upresis og ikkje veldig konkret. Ein står då i fare for å forby noko som ikkje finst, eller i alle fall ikkje er vesentleg utbreidd i Norge. Det vert vist til religiøse kontekstar i høyringsnotatet, men ikkje definert kva som i dei religiøse kontekstane går inn under omgrepet "konverteringsterapi". Då står ein i fare for å setja viktige kristne praksisar som sjelesorg, forbøn, samtale og rettleiing i same bås som såkalla "konverteringsterapi". Det er ikkje rett. Samstundes er det i samfunnet full aksept for at ein kan skifta kjønn, definera seg ut av sitt medfødte biologiske kjønn og få hjelp i dei prosessane. Men er ikkje det også "konverteringsterapi"? Etter mitt syn er det det.
På bakgrunn av ovanfornemnde vil eg gå i mot lovforslaget om "konverteringsterapi".
På bakgrunn av ovanfornemnde vil eg gå i mot lovforslaget om "konverteringsterapi".