🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag til ny forskrift om forbud mot salg av energidrikk til barn und...

Tor Schei Hellesnes

Departement: Omsorgsdepartementet
Dato: 15.05.2025 Svartype: Med merknad Eg bur i ein kommune med lågt innbyggartal, og berre ein ordinær matbutikk. (Coop Prix) Denne verksemda ser ut til å ta eit speseielt ansvar for å distribuere mest mogeleg energidrikk til ungdomen i bygda, med stadige kampanjar og spekulativ produktplassering av mellom anna Monster Energidrikk. Eg har ein deltids stilling som ungdomsarbeidar. Når eg konfronterer butikkpersonalet, og ber om at dei tenker gjennom kva dei bidrar til ved dette er svaret at føringane kjem frå konsernleiinga. Dei har ikkje lov til å la vere å "pushe" energidrikk. Butikken ligg 300 meter frå skulen, og det foregår mykje sal av energidrikk i før/ i skuletid. Om det stemmer at butikkpersonell vert pålagt å selge mest mogeleg energidrikk, samtidig som at dei hevder at dei ikkje har lov til å sette alkoholfritt øl i kjøledisk, er eg ikkje sikker på. Men det vert hevda lokalt at slik er det. I så fall ligg problemet i konsernleiinga i Coop, og dette bør adresserast på høgaste nivå. Coop har ei opplisting av påstander om kor ansvarlege dei er. Eg oppmodar myndigheitene til å overstyre varehandelen når ein får slike døme på dobbeltmoral og direkte uærleg oppførsel frå bransjen. Ved å køyre marknadskampanjer for Monster bryt dei eigne retningsliner på følgande punkt: "Egenart", ei tvilsam påstand når ein prioriterer amerikanske gigantmerkevarer framfor lokale alternativ. Bygda vår har ikkje mindre enn 3 produsentar av tilgjengeleg alkohofrie alternativ til Monster og Coca Cola. (eplejuice) "Nytenking", er lite truverdig når ein lenge har visst at lettprodukt og koffeinhaldig energidrikk er direkte skadeleg, og samstundes køyrer store kampanjer for amerikanske merker, spekulativt profilert mot ungdom. "Ærlighet", er og tvilsamt når ein på mest spekulativt vis rettar profilering og marknadsføring av produkt ein veit er skadeleg for målgruppa. "Omtanke", vel det seier seg sjølv at dette ikkje stemmer når ein pumpar ut avhengigheitsskapande og skadelege substansar til ungdom, vel vitande om at dette er moralsk lågmål, men svært god butikk. "Innflytelse", er uinteressant for konsernleiinga dersom det stemmer at butikkpersonale vert pålagd å køyre kampanjer mot eiga overtyding, og samstundes få direktiv om at lokale produkt og alkoholfritt øl ikkje skal på kjøl eller på anna vis profilerast/produktplasserast på attraktivt vis. Eg oppmodar myndigheitene til å bruke Coop som døme på problemet i varehandelen i Norge for tida. Ved slik oppførsel bidrar dei til å skape dårlege haldningar, uro i undervisning og sosiale samanhenger. Dei bidrar og bevisst til avhengigheit av substanser ungdom tidlegare hadde mykje seinare debut med (Vanlig kaffe), samt viser elendig dømekraft i høve politisk gangsyn ved å prioritere amerikanske produkt framfor meir solidarisk produktplassering av gode alternativ. Sett aldersgrense for koffeinhaldig energidrikk til 18 år, og tving konsernleiinga i dei store matvarekjedene til å stå til ansvar. Dei er i utakt med samfunnet. Unge foreldre i dag har eit høgt bevisstheitsnivå når det gjeld matvarer. Denne trenden vert undergrave av konsernleiinga i mellom anna Coop Norge. Det er høgst usolidarisk at økonomisk profitt kjem framom omsynet til helse og oppvekstmiljø. Mange stader er som vår bygd, med få eller ingen alternativ. Lokalbutikken blir og ein opphaldsstad for unge, og vi som jobbar med ungdomen ser problemet frå ei anna side, med uro og åtferdsproblem, dårleg tannhelse og økonomisk press hos dei unge. Dette er ei privat høyringsuttale, og representerer berre underteikna sitt syn på saka. Tor Schei Hellesnes Ungdomsarbeidar og farfar til 4. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen