🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Forslag til endringer i forskrift om valg til Stortinget, fylkesting og...

Prosjektgruppe for val - IKTNH- kommunar

Departement: Familiedepartementet
Dato: 09.06.2025 Svartype: Med merknad Deltakarkommunar i IKTNH- samarbeidet v/ prosjektgruppe for val har følgjande høyringsuttale til forslag om endringar i valforskrifta: Kommunane støtter Kommunal- og distriktsdepartementet sitt forslag om å begrense funksjonalitet og datatrafikk på maskiner som har tilgang til det elektroniske valgjennomføringssystemet (EVA), samt forskriftsfeste krav om programvare for monitorering for datamaskiner brukt til EVA skanning. Endringa knytt til krav om personleg pålogging på maskin støtter vi ikkje og ber om at dette vert valfritt og ikkje forskriftsfesta. Vi forstår at departementet ønskjer å følgje NSM sine grunnprinsipp om unike personlege brukarar ved maskinpålogging, men brukarar med behov for å bruke ei programvare frå ein dag til nokre veker, annakvart år, bør unntakast dette prinsippet. Kommunane er med i eit IT-samarbeid saman med 14 andre kommunar (IKTNH). IT-samarbeidet har, i samarbeid med felles sikkerheitsorganisasjon og valansvarlege, konkludert med at beste løysing for kommunane er å setje opp maskinene med unik pålogging pr kommune. Til valet i 2025 er sikkerheitsrettleiar frå direktoratet fulgt ved oppsett av valpcar til kommunane og krav om oppbevaring i kontrollerte omgjevnader. Valansvarlege eller valmedarbeidarar har berre tilgang til EVA frå eigen (ny) valpc. Maskina er herda slik at det ikkje er mogleg å «surfe» på nett, installere eit program eller logge seg på andre nettverk. Du må vere i eit spesifikt nett, og her berre tilgang til å logge deg på EVA og valmedarbeidarportalen. Kommunane ber om at vert gjort unntak frå NSM sine grunnprinsipp ved valgjennomføringar. Andre sikkerheitskrav begrensar potensiell sikkerheitstrussel og manuelle kontrollmetodar ivaretek denne type sporing av utru tenarar. Til dømes at den er overvaka av to personar når sabotasjeaktivitet kan føregå. Innføring av personleg pålogging har marginal nytteeffekt i høve til sikkerheit, og vi kan ikkje sjå at dei positive verknadene er større enn dei negative, jamfør 3.2.1 i høyringsnotatet. Tiltaket kjem i tillegg seint i valgjennomføringsprosessen og fører til vansker med implementering. Konsekvensane er mellom anna at innføringa fører til at oppsett for valpcar, som allereie er i bruk, må endrast. Ei forskriftsfesting vil gje kommunen auka sårbarheit knytt til pålogging for valmedarbeidarar, kompliserer valgjennomføringa og auka ressursbehov frå vi tek i bruk maskina til stemmegjeving og fram til og med valdagen. Med helsing Prosjektgruppa for val, Sveinung Kvamme (IKTNH),Tor Asle Skiple (Osterøy kommune), Tove Mette Fyllingen (Alver kommune), Beathe-Christin Ekhall Stentved (Aurland kommune) og Lin Tove Thomassen (Modalen kommune) Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"