🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forskrift om forsøk med nettlege i allmennlegetjenesten

Aukra kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 03.06.2025 Svartype: Med merknad Høyringssvar – Forslag til forskrift om forsøk med nettlege i allmennlegetenesta Aukra kommune, ved kommunalsjef for helse og omsorg og kommuneoverlegen, ønskjer med dette å gi innspel til høyringa om forskrift om forsøksordning med nettlege i allmennlegetenesta. Vi ønskjer å uttrykkje uro knytt til fleire aspekt ved forsøket. Våre hovudmarknader er som følgjer: Kvalitet i helsetenestene Kjernen i allmennmedisin er kontinuitet mellom pasient og lege. Vi fryktar at digitale konsultasjonar kan svekkje denne kontinuiteten, sjølv om nettlegetenesta er meint som eit supplement. Det er viktig å sikre kvalitet og tryggleik i pasientoppfølginga. Tilgjenge og likeverd Forsøket kan medføre ulik tilgang til helsetenester mellom kommunar, noko som utfordrar prinsippet om likeverdige tenester uavhengig av bustad. Pasienttryggleik og fagleg forsvar Vi stiller spørsmål ved om kompetansekrava til nettlegar er tilstrekkelege. Akuttmedisinsk kompetanse og dokumentert klinisk røynsle må vere eit krav. Mellom anna: - Sjukemelding krev kjennskap til pasienten, jf. folketrygdlova § 8-7. - Forsvarleg forskriving av antibiotika føreset klinisk vurdering. - Digitale konsultasjonar kan føre til unødvendige tilvisingar og uforsvarleg forskriving av vanedannande legemiddel. Økonomi og finansiering Vi er uroa for dei økonomiske konsekvensane for kommunane. Forslaget legg opp til at kommunane på sikt skal finansiere nettlegetenesta, noko som vil kunne medføre ein betydeleg og uføreseieleg meirkostnad. Dette kjem i tillegg til eksisterande forpliktingar knytt til fastlegeordninga, legevakt og helsestasjons- og skulehelsetenesta. Erfaringane frå Sverige viser at slik finansiering kan bli både krevjande og kostbar. I Region Stockholm har dei digitale nettlegetenestene ført til dobbeltfakturering og eit ukontrollerbart forbruk. I april 2025 kravde regionen tilbakebetaling av over 60 millionar svenske kroner frå private aktørar som leverte digitale helsetenester (Läkartidningen, april 2025). Dette illustrerer korleis kommersielle nettlegetenester kan føre til uheldige økonomiske insentiv, manglande kostnadskontroll og stor belastning på offentlege budsjett. Vi meiner at dette forsøket kan påføre norske kommunar tilsvarande utfordringar, i ei tid der mange allereie slit med å finansiere grunnleggjande helsetenester. Samhandling og koordinering Ei ny digital teneste utanfor dagens struktur kan skape utydelege ansvarslinjer og fragmenterte pasientforløp, noko som er uheldig. Takstsystem og insentiv Eigne takstar for nettlegar utanfor fastlegeordninga skapar forskjellsbehandling og økonomiske insentiv som kan undergrave fastlegeordninga. Oppsummering: Aukra kommune anerkjenner behovet for modernisering, men meiner denne forskrifta ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar kvalitet, pasienttryggleik og likeverd. Vi tilrår difor: - At forsøket ikkje vert gjennomført. - At midlane heller vert nytta til styrking av fastlegeordninga. - At digitale løysingar vert integrert i fastlegeordninga. - At ein unngår fragmentering og ulikskap i tenestetilbodet. - At vidare utvikling skjer gjennom eksisterande strukturar i fastlegekontora. Høyringssvaret er utarbeidd og godkjend administrativt av kommunalsjef for helse og omsorg og kommuneoverlegen i Aukra kommune. Eventuelle politiske merknader vert ettersendte om naudsynt. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"