Vår forståing av høyringsnotatet
Høyringsnotatet slår fast at bestilling av time hos nettlege skjer via Helsenorge. Vidare er det presisert at «Når timen er bestilt vil innbyggeren få en melding (e-post eller tekstmelding) med beskrivelse av hvordan det digitale møtet og betaling skal gjennomføres».
Vidare slår høyringsnotatet fast at ”Det er forsøkskommunene selv som leder prosjektet lokalt, og den enkelte kommune står i utgangspunktet fritt i organiseringen av tjenesten innenfor rammene av denne forskriften og avtalen med Helsedirektoratet. Kommunene vil ha ansvar for å […] organisere tjenesten, herunder sørge for de nødvendige tekniske løsningene og ivaretakelse av personvern”.
Basert på dette forstår Digdir det som at det er opp til kvar einskild kommune å avgjere kva teknisk(e) plattform(ar) dei digitale konsultasjonane skal skje på og sikre at denne/desse oppfyller krava til personvern.

Digdirs tilrådingar om plattform
Digdir er i utgangspunktet kritisk til at identiske behov i kommunane skal løysast kvar for seg. Dette er lite ressurseffektivt og aukar terskelen for dei digitalt svake pasientane gjennom å introdusere brukargrensesnitt som er ulikt både frå den etablerte plattforma Helsenorge og mellom ulike kommunar.
Vidare vil digitale legekonsultasjonar med moglegheit for video vere noko av det mest sensitive velferdsstaten tilbyr av tenester på nett. Dette stiller særleg strenge krav til plattforma konsultasjonane skal skje på.
Høyringsnotatet nemner veldig kort personvern og informasjonstryggleik, men omtalar ikkje universell utforming. Dette er grunnleggjande digitale rettar for pasientane, då det er ein føresetnad for å sikre lik tilgang til den digitale løysinga, og slik også ein del av kommunehelsetenesta. Slik det er lagt opp er kommunane pliktsubjekt for plattforma konsultasjonane skjer på. Krava til universell utforming spring ut av forskrift om universell utforming av ikt, og kan kort oppsummerast med at løysinga må møte 48 suksesskriterium på nivå A og AA i WCAG 2.1. Vidare må den aktuelle løysinga ha ei tilgjengelegheitserklæring eller inngå i erklæringa for eit eventuelt hovuddomene.
Med tanke på nettlege-tenestas natur, og det faktum at vi veit dette er område kommunane allereie slit med å sikre at blir tilstrekkeleg teke vare på, er Digdir uroa for kva følgjer det kan få for pasientane viss det er opp til kvar einskild kommune å avgjere kva plattform(ar) konsultasjonane skal skje på. Særleg når dette i tillegg ikkje er omtala grundigare i høyringsnotatet.
Frå opplæringssektoren veit vi det er store manglar når det kjem til etterleving av krava til personvern, informasjonstryggleik og universell utforming. [1] Dette skuldast særleg manglande kompetanse i kommunane, noko som gjer at mange ikkje er i stand til å stille dei rette krava og kontrollere at dei digitale løysingane er i samsvar med krava – både på anskaffingstidspunktet og gjennom avtaleperioden.
Som ein følgje av dette går det no eit arbeid i regi av Kunnskapsdepartementet for å etablere ei støtteteneste for kommunane som skal styrke etterlevinga av krava innan informasjonstryggleik, personvern og universell utforming. Digdir meiner ei slik støtteteneste ikkje må avgrensast til opplæringssektoren, då behovet er tilsvarande for ei rekkje andre område i kommunane, inkl. kommunehelsetenesta.
For å sikre etterleving av krava til universell utforming, personvern, informasjonstryggleik meiner Digdir at nettlege-konsultasjonar bør skje på éin felles plattform . I tillegg til å sikre samsvar med grunnleggjande digitale krav, bidreg dette også til at den digitale løysinga får eit meir brukarvenleg brukargrensesnitt som er utforma på ein måte som pasientane kjenner seg igjen i, uavhengig av kva lege som er behandlar og kva kommune vedkomande bur i.
Slik Digdir ser det bør derfor forskrifta regulere kva plattform som skal brukast. Det mest nærliggjande er då at ein nyttar den allereie etablerte plattforma Helsenorge, som høyringsnotatet også slår fast skal vere plattforma for bestilling av time hos nettlege.

Oppsummering
Digdir tilrår at Norsk helsenett får i oppdrag å utvikle eller anskaffe ein plattform for konsultasjonar med nettlege. Denne må oppfylle gjeldande krav til personvern, informasjonstryggleik og universell utforming, og gjerast tilgjengeleg på Helsenorge.no. Vidare må det gjerast obligatorisk for kommunane å nytte seg av denne plattforma.
[1] Sjå mellom anna Samlerapport fra Datatilsynets brevkontroll med skolesektoren og Uu-tilsynets rapport Den digitale skulen – kan alle delta på like vilkår?