🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forskrift om forsøk med nettlege i allmennlegetjenesten

Hå kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 05.06.2025 Svartype: Med merknad Legetenesta i Hå kommune består av 4 kontor korav 3 kontor og totalt 24 fastleger er kommunalt ansatt med stabil fastlegedekning. Hå kommune ynskjer å vera ope innstilt og deltakande i utvikling av fastlegetenesta. Prosjektet som no er ute på høyring kjem me ikkje til å søkja på og vurderer det ikkje som eit godt tiltak i å fornya allmennlegekrisa Fastlegar som gruppe bruker dagleg elektronisk kommunikasjon i stor grad til timebestilling, reseptbestilling, e-konsultasjonar og korrespondanse med andre tenesteområde. Dette gjeld ikkje berre i vår kommune. E-konsultasjonar er eit nyttig verktøy for problemstillingar som eignar seg til det men det må som andre ting i fastlegetenesta byggja på kjennskap og stå i ein samanheng. Videokonsultasjonar der avstand er eit problem og gjerne i ein legevaktsetting i samarbeid med anna dyktig helsepersonell er og noko anna. Regelmessig vert fastlegetenesta kontakta med bestillingar frå listepasientar som har vore i kontakt med private nettleger og som treng vidare oppfølging av fastlege fordi det stoppar for nettlegen. Det er vanskeleg å sjå for seg kva nytteverdi ein offentleg nettlege skulle ha. Sjølvsagt liker pasientar å få raske svar men dei tinga som kan besvarast med enkle svar kan ein kanskje få på andre måtar og ikkje involvera helsetenesta i det heile? Me ser for oss at dette på mange vis vil føra til auka belastning på fastlegetenesta då mange ting likevel må til fastlegen eller fysisk undersøkelse i neste omgang. Og kvar skal nettlegane koma frå? Dersom dette skal vera eit tilleggstilbod så vil vel rekrutteringa skje i same potten og gje ytterlegare kamp om tilsette? Midlene til nettlegeforsøket burde vorte nytta til utvikling av allereie tilgjengelege nettløysningar for å forbetra og kjentgjera desse i større grad. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"