🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring: Forslag til forskrift om løsning for tilgjengeliggjøring av helsedata (H...

Stord kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar vedteke i Utval for rehabilitering, helse og omsorg i Stord kommune 02.06.2021:

Stord kommune støttar betre tiltak for å analysera, sjå samanhengar mellom og gjera tilgjengeleg data frå dei ulike helseregister slik at dei vert nytta som dei kunnskapskjeldene dei representerer.

Det ligg eit stort kartleggings- og registreringsarbeid under dei ulike register. Dette går føre seg ute i tenestene både i dei reint kommunale, i fastlegeverksemd og legevaktfunksjon, private aktørar og i dei ulike føretaka. Kvaliteten på data inn er avgjerande for nytten av data ut. Det må byggja på enkle rapporteringsvegar, avgrensa datamengder som er funne tenelege og effektive ordningar for oppfølging av manglar. Det er viktig at dei som gjev frå seg data ser nytten av rapporteringa og kan bruke resultatet i arbeidet sitt. Då vil ein og verte motivert til å fylgje opp levere inn gode data. Dei må og kunna påverka kva data som må vera grunnlag for rapportering. Kommunen reknar med at det vert lagt ressursar til utgreiing og finansiering av rapportering etter den sentrale organiseringa er avklara. Det verkar urimeleg at kjeldene for datagrunnlaget skal betala for å kunna nytta desse. Ei sentral analyseverksemd og rådgjevingsteneste vil verta eit nyttig tiltak for betre bruk av den innsamla kunnskapen.