Høyringssvar – forslag til nye reglar for stiftingar
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (heretter Stiftinga) inngir svar som høyringsinstans til Nærings- og fiskeridepartements forslag til nye reglar om stiftingar, i høyringsnotat datert 21. mai 2021.
Stiftinga er ei stor sparebankstifting, med eit typisk todelt føremål. Stiftinga skal være langsiktig eigar av Sparebanken Sogn og Fjordane og gje gåver til allmennyttige føremål.
Stiftinga viser til høyringsuttale frå Sparebankforeininga som Stiftinga har gitt innspel til og som også gir uttrykk for Stiftinga si vurdering av departementets forslag. Nedanfor har vi også framheva nokre moment særskilt.
Forbod mot skattepliktig verksemd direkte i stifting
Forslaget om at stiftingar ikkje skal kunne drive skattepliktig verksemd i stiftinga, men må skilje dette ut i eige dotterselskap er etter vår vurdering svært uheldig. Vi vurderer at forslaget ikkje er eigna til å ivareta dei omsyn departementet har grunngjeve endringa med. Departementet har i hovudsak vist til skatterettslege betraktningar som omsyn til endringane, men vi vi understreke som det framkjem i detalj av Sparebankforeininga sitt høyringssvar, at føreslått endring ikkje vil skape den klarheit som departementet ønskjer. Vi vurderer forbodet som lite tenleg og eigna til å skape unødvendig uklarheit.
Den skatterettslege vurderinga vil etter gjeldande skattereglar uansett være uavhengig av om eventuell skattepliktig verksemd ligg i stiftinga eller i dotterselskap av stiftinga. Som departementet peiker på kan vurderinga være kompleks. Også etter eit eventuelt forbod er etablert må ein kontinuerleg vurdere om den aktuelle verksemda i dotterselskapet utløyser skatteplikt. Den skatterettslege vurderinga vil kunne være enkel eller kompleks uavhengig av det organisatoriske grepet som departementet har foreslått.
Å endre meiningsinnhald i omgrepet «næringsverksemd» i stiftelseslova til å ha same innhald som «erverv til formål» vurderer vi ikkje å være tenleg. Omgrepa har eit definert innhald i dag, og det vil være meir tenleg å fjerne kategoriseringa av stiftelsar som næringsdrivande, slik Stiftelseslovutvalet har foreslått. Då gjer ein ikkje ei utilsikta endring av praksis knytt til forståinga av «erverv til formål» etter skattelova som det er knytt rikhaldig praksis til.
For mange stiftingar og særleg for dei stiftingar der den skattemessige vurderinga er kompleks, vil graden av skatteplikt kunne variere og per definisjon være dynamisk. Det å skilje ut verksemd i dotterselskap med oppretting av eige styre og administrasjon kan ikkje lett reverserast og er slik ei statisk løysing. Departementet ser ikkje ut til å ha vurdert dette aspektet som vi meiner talar med styrke mot å innføre eit forbod mot skattepliktig verksemd direkte i stiftingar.
Vi kan heller ikkje sjå at den eventuelle konkurransevridande effekten departementet har skissert blir løyst av forslaget og vi stiller også spørsmål til omfanget av ein slik eventuell konkurransevridande effekt for nokre stiftingar målt opp mot den svært inngripande endringa departementet har foreslått og som gjeld for alle stiftingar som har skattepliktig verksemd, uavhengig av omfang.
Problemstillinga som kapitaltilgangsutvalet har peikt på med sementering av kapital og som departementet har vist til, vil etter vårt syn være den same om den skattepliktige verksemda skjer i stiftinga direkte, eller gjennom eit dotterselskap så lenge dotterselskapet er heileigd av stiftinga. Det er då viktig å ta med seg at stiftingar både skal realisere formålet sitt på lang sikt slik departementet peikar på, men også på kort sikt på ein måte som gir insentiv til å allokere kapital.
Endeleg vil forslaget om eit forbod medføre betydelege og for mange unødvendige administrasjonskostnadar ved å skilje ut heile eller deler av verksemda i eit dotterselskap. Etter vårt skjøn undervurderer departementet kostnadane knytt til dette, både kostnadane knytt til sjølve omorganiseringa, men særleg auke i faste administrasjonskostnader. Departementet har vist til store stiftingar med konsernlikande karakter når det er vist til at stiftingane allereie har skattepliktig verksemd organisert i dotterselskap, som for sparebankstiftingane. For slike store stiftingar vil det gjerne være naturleg å være organisert slik av ei rekkje grunnar, men forbodet er meint å gjelde alle, også for mindre stiftingar der ein slik struktur ikkje treng å være tenleg. Om departementet finn det tenleg å innføre eit forbod mot næringsverksemd i stiftingar direkte, bør det gjelde for stiftingar av ein viss storleik med relativt høg omsetning knytt til næringsverksemd. For mindre stiftingar med lav omsetning og eller lav avkastning vil auka administrasjonskostnadar kunne ha vesentleg negativ effekt på formålsrealiseringa og ein bør derfor uansett unnta slike for eit forbod. Det same kan gjelde for stiftingar som har meir syklisk omsetnad, t.d. stiftingar som har omsetning knytt til næringsverksemd i enkelte år.
Om departementet ønskjer å stimulere til at stiftingane kan skilje ut verksemd i dotterselskap vurderer vi det som ei meir tenleg løysing å nytte omdanningsreglane for dei stiftingane som finn eit slikt grep naudsynt og eller hensiktsmessig. Eit av hovudomsyna bak departementets forslag synast å være stiftingane sin (manglande) kapitaltilgang, i det stiftelsar er forhindra i å få inn nye eigarar. Vi vurderer at den einskilde stifting er betre eigna til å foreta ei forsvarleg vurdering av om stiftinga er organisert på ein måte som avgrensar kapitaltilgangen, og om det å skilje ut verksemd i aksjeselskap vil være eit eigna verkemiddel for auka tilgang til kapital. Vi kan ikkje sjå at departementet har vurdert dette. Om ei utskiljing av heile eller deler av verksemda til dotterselskap er ei omdanning vil også stille seg ulikt for ulike stiftingar. Departementet kan i forarbeida klargjere at slik omdanning er ei administrativ endring som styret sjølv kan vedta. Ei slik presisering eller endring vil også kunne bøte på den problemstilling Stiftelseslovutvalet peikte på, at stiftelsesforma er (og er meint å være) meir stivbeint enn andre organisasjonsformer.
Vi vurderer som Stiftelseslovutvalet at næringsdrivande stiftingar ikkje bør vidareførast som eigen kategori stiftingar av dei grunner som både utvalet og departementet viser til.
Departementet stiller særskilt spørsmål ved om forbodet berre skal gjelde framover i tid eller ha langvarige overgangsreglar. Ei løysing der endringa berre får betydning for nye stiftingar vil skape eit skilje mellom stiftingar oppretta før og etter lovendringa trer i kraft som i seg sjølv vil være uheldig. Skulle forslaget bli gjeldande meiner vi det må gjelde langvarige overgangsreglar på minst 10 år slik departementet foreslår.
Andre forslag til endringar
Forslaga knytt til endring av grunnkapitalkrav for reint pengeutdelande stiftingar, rapporteringsplikt, foretaksnamn og elektroniske meldingar har vi ikkje særskilte synspunkt til, men sluttar oss også her til dei innspel som Sparebankforeininga har gitt.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane