1. Vestland fylkeskommune er positiv til forslaget frå Kommunaldepartementet til: «Forslag til midlertidige endringer i valgforskriften – smittevernfaglig forvarlig gjennomføring av stortingsvalget 2021».
2. Vestland fylkeskommune sluttar seg til at det kjem ein forskrift om smittevernfagleg forsvarleg gjennomføring av stortingsvalet 2021. Vallova har i dag ingen reglar om at kommunane skal iverksette smitteverntiltak ved gjennomføring av stortingsvalet.
3. Vestland fylkeskommune støttar Kommunaldepartementet sitt forslag til ny § 26 a i forskrifta, punkt 1. Valstyret skal sørgje for at det vert iverksett tiltak å sikre ein smittevernfagleg gjennomføring av førehandsstemmegivnaden ved Stortingsvalet 2021. Det må settast i verk tiltak som bidreg til at sjuke valfunksjonærar og stemmestyremedlemer ikkje deltek i førehandsstemmegivinga. Nødvendige hygienetiltak og kontaktreduserande tiltak må settast i verk.
4. Vestland fylkeskommune støttar Kommunaldepartementet sitt til ny § 26 a i forskrifta punkt 2.
Valstyret skal sørgje for at det under førehandstemmegivnaden er mogeleg å halde minst ein meter avstand til andre som ikkje er i same husstand, målt frå skulder til skulder.
5. Vestland fylkeskommune er samd i forslaget til forskrift § 30 a. Forskrifta § 26 a, «Smittevernfaglig forsvarleg gjennomføring av forhåndsstemmegivningen ved stortingsvalet i 2021» gjeld tilsvarande for gjennomføring av valtinget.